Karrieremesse 2025
Schedule
Wed Sep 24 2025 at 03:00 pm to 06:00 pm
UTC+02:00Location
Dalsøyra Samfunnshus | Bergen, HO
Advertisement
✅𝙇𝙪𝙧𝙚𝙧 𝙙𝙪 𝙥å 𝙠𝙫𝙖 𝙙𝙪 𝙨𝙠𝙖𝙡 𝙗𝙡𝙞 𝙣å𝙧 𝙙𝙪 𝙗𝙡𝙞𝙧 "𝙨𝙩𝙤𝙧"? 𝙀𝙡𝙡𝙚𝙧 𝙗𝙚𝙧𝙧𝙚 𝙠𝙡𝙖𝙧 𝙛𝙤𝙧 𝙣𝙤𝙠𝙤 𝙣𝙮𝙩𝙩?👉 Då bør du ta turen til Dalsøyra onsdag 24.09.
🎯𝙆𝙡𝙖𝙧 𝙛𝙤𝙧 å𝙧𝙚𝙩𝙨 𝙠𝙖𝙧𝙧𝙞𝙚𝙧𝙚𝙢𝙚𝙨𝙨𝙚?
24. september fyller me Dalsøyra Samfunnshus med spennande bedrifter, gode samtalar og kanskje akkurat den inspirasjonen du treng for å ta neste steg i karrieren! 💼✨
💬 𝙆𝙤𝙢 𝙞𝙣𝙣𝙤𝙢 𝙛𝙤𝙧 𝙚𝙞𝙣 𝙥𝙧𝙖𝙩!
Utstillarane står klare – med både smil og gode svar – på alt du måtte lure på om jobb- og læringsmulegheiter her i regionen. Kanskje du blir overraska over kor mange ulike vegar som faktisk finst? 🚀
🎓 𝙇𝙪𝙧𝙚𝙧 𝙙𝙪 𝙥å 𝙪𝙩𝙙𝙖𝙣𝙣𝙞𝙣𝙜?
Kva skal til for å få jobb i bedriftene lokalt? Svaret er ikkje alltid det du trur! Stikk innom, slå av ein prat og utforsk kva framtida kan ha på lur for deg. 🔍
👨👩👧👦 𝙁𝙤𝙧𝙚𝙡𝙙𝙧𝙚 𝙤𝙜 𝙪𝙣𝙜𝙙𝙤𝙢 – 𝙙𝙚𝙩𝙩𝙚 𝙚𝙧 𝙨æ𝙧𝙡𝙚𝙜 𝙛𝙤𝙧 𝙙𝙮𝙠𝙠!
Ta turen saman – kanskje får både du og ungdommen din svar på spørsmål om både utdanning og framtidige karrierevegar.
🌟𝙁𝙤𝙧 𝙖𝙡𝙡𝙚 – 𝙛𝙧å 𝙣𝙮𝙨𝙜𝙟𝙚𝙧𝙧𝙞𝙜𝙚 𝙩𝙞𝙡 𝙟𝙤𝙗𝙗𝙨ø𝙠𝙖𝙧𝙖𝙧
Karrieremessa passar for deg som er på jakt etter ny jobb, vurderer å bytte karriereretning, skal velje utdanning – eller som berre vil sjå kva som rører seg i næringslivet rundt oss.
(Info om deltakarbedriftene kjem fortløpande – følg med her på sida!) 📲
Advertisement
Where is it happening?
Dalsøyra Samfunnshus, Dalsbygda 68, 5960 Gulen, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays: