Julekonsert med Jølster Musikklag // Tre kvinner og ein mann m/band
Schedule
Sun, 07 Dec, 2025 at 04:00 pm
UTC+01:00Location
Vassenden Kyrkjesenter | Førde, SF
Advertisement
Jølster Musikklag og dirigent Bjørn Breistein spelar jula inn 7.desember.Gjester:
Tre kvinner og ein mann - kor
Janne Karine Støylen- tekst
TRE KVINNER OG EIN MANN – MUSIKALSK TRIVSEL FRÅ GLOPPEN
Musikkgruppa Tre kvinner og ein mann har etablert seg som ein publikumsfavoritt i Gloppen og omegn, med ei unik evne til å skape varme, glede og førjulsstemning gjennom song og formidling. Gruppa består av Randi Skaaden Felde, Hege Alme, Britt Glomnes Willumsen og Sjur Atle Austrheim, og har sitt musikalske opphav i Gloppen.
Med eit variert repertoar som spenner frå tradisjonelle julesongar til nyare melodiar, har gruppa oppnådd stor suksess – blant anna med publikumsrekord i Trivselshagen, der dei har fylt salen tre gongar på rad. Dei er kjende for sin humørfylte stil og sterke tilknyting til lokalmiljøet, og leverer alltid konsertar med både musikalitet og varme.
I samarbeid med lokale korps og ensemble,har Tre kvinner og ein mann skapt stemningsfulle konsertopplevingar som samlar publikum i alle aldrar. Med si varme tilnærming og sterke formidlingsevne skaper dei ei atmosfære som inviterer publikum til å senke skuldrene og nyte ei musikalsk oppleving som passar perfekt inn i førjulstida.
Vi gledar oss til ein stemningsfull julekonsert!
Velkomne!!
Advertisement
Where is it happening?
Vassenden Kyrkjesenter, Jølstravegen 982, 6847 Vassenden, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.





