Julekonsert i Arna kyrkje
Schedule
Thu, 18 Dec, 2025 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Lakslia 21, 5261 Indre Arna, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Julekonsert i Arna kyrkje 18. desember kl. 19Kyrkjekoret 50 år
I 2025 er det 50 år sidan Arna kyrkekor såg dagens lys. Dette skal markerast med ein julekonsert i stort format. Repertoaret blir svært variert – nytt og gamalt, tradisjonelt og utradisjonelt hand i hand – alt knytt til jul og advent.
Til denne konserten har kyrkjekoret invitert med seg «vener». Her har nemleg songarar som ikkje er faste medlemmar i koret, òg fått høve til å delta gjennom prosjektkor.
I tillegg til kyrkjekor og prosjektkor får me høyre sjølvaste Marianne Juvik Søbø saman med den stigande stjerna Elias Salbu, som mellom anna har hatt stor suksess på lysfesten i Bergen.
Oda Steinkopf er utdanna jazzbassist frå jazzlinja i Trondheim og har nyleg fullført ein master i vokal ved ICMP (Institute of Contemporary Music Performance) i London. Ho deltok mellom anna i den tyske finalen i Eurovision Song Contest med bandet The Great Leslie.
Victoria Hop er eit ungt songtalent som, trass i si unge alder, allereie har vore solist på dei store scenene.
Cathrine Snipsøyr er Arna kyrkje si eiga gullstrupe, som har gleda mange gjennom utallige konsertar i kyrkjene i Bergen.
Elles i bandet får me oppleve nokre av dei mest framstormande unge musikarane som det yrande musikklivet i Bergen har å by på: Sigurd Steinkopf - trommer og Ørjan Hammer Vollvik - trompet
Kantor Olav Arne Steinkopf er musikalsk ansvarleg og vil vere kapellmeister på konserten. Tone Synnøve Øygard Steinkopf, korpedagog og domkantor i Molde, vil vere dirigent.
Det er gratis inngang, men det er høve til å gje kollekt ved utgangen.
Arrangør for konserten er Arna sokneråd.
Konserten har støtte frå "Aktivitetsmidler for kor", Bergen kommune og "BKF kulturmidler"
Advertisement
Where is it happening?
Lakslia 21, 5261 Indre Arna, Norway, Lakslia 21, 5261 Indre Arna, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.








