Julegateopning og julemarknad på Fjord'n
Schedule
Sat Nov 29 2025 at 10:00 am to 04:00 pm
UTC+01:00Location
Fjord'n Nærsenter, 5640 Eikelandsosen, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Velkommen til ein stemningsfull dag med julemarknad, musikk og offisiell opning av biblioteket i Eikelandsosen! Laurdag 29. november kl. 10–16:
Då tennar vi lys, finn fram julestemninga og inviterer heile Bjørnafjorden til ein innhaldsrik og varm førjulsdag på Fjord’n Nærsenter! Det blir mykje å sjå, mykje å smake – og garantert noko å smile av.
Konferansier for dagen: Astrid Skåtun
⭐ MARKNAD OG AKTIVITETAR KL. 10–16
Butikkar og lokale utstillarar riggar til med stands og handlaga skattar:
Ung Husflid – juleverkstad i glaslokalet
Liv Trondsgård – glaskunst
Merete Helland – Forever Living
Olaug Bjørndal/Furubotn
Kafé Eierschegge – godt å bite i
Dalahagen
Annbjørg Sandvik – Forever Living
Bård Hogne Kjosås – brukt og gjenbruk
Bjørg Aud Bareksten – Oriflame
Ønskjer du å vere med på marknaden? Påmelding innen 25. november. Standpris: kr 500,-. Send mail til: [email protected]
🎁 PROGRAM (oppdaterast forløpende)
12:00 – Strøyma deler ut midlar
13:00 – Koralrevane syng julestemninga inn
13:30 – Eikelandsfjorden skulemusikk spelar, juletreet blir tent – og dersom me er riktig heldige, dukkar nissane opp…
📚 OFFISIELL OPNING AV BJØRNAFJORDEN BIBLIOTEK
Biblioteket feirar formell opning same dag på senteret! Her blir det kaffi, peparkaker og hobbyverkstad for barna, og kultursjef Erik Vangsnes kjem for å seie nokre ord. Ta turen innom og ønsk dei velkomen til nye, fine lokale!
🎉 KVITTERINGSKONKURRANSE
Handle og vinn! Skriv namn og telefonnummer på baksida av kvitteringa di og bli med i trekninga av fine gåvekort.
Konkurransestart: Allereie under Black Week frå 24. november med trekning kvar laurdag kl 12.00.
Velkommen til ein dag full av god julestemning – slik berre Fjord’n Nærsenter kan gjere det.
Vi gler oss til å sjå deg! 🎅✨
Advertisement
Where is it happening?
Fjord'n Nærsenter, 5640 Eikelandsosen, Norway, Eikelandsosen, 552, 5640 Bjørnafjorden, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.






