Johanna Seim & Sjur Nyvold på SALT

Schedule

Sun Feb 26 2023 at 07:00 pm

Location

SALT art & music | Oslo, OS

Advertisement
Viseaktig FolkPop
Sjå for deg å sitte på Bergensbanen, kanskje på Finse stasjon. Det er snødekte isbrear, små fjellvatn og bjørkeskog utanfor glaset. Toget susar vidare nedover Hallingdal og mot hovudstaden.
Johanna Seim (Berlin/Bergen) og Sjur Nyvold (Rauland/Oslo) kunne vore soundtracket til Bergensbanens storslåtte rute, der naturen susar forbi og ein får ein pause der ein berre kan lytte og føle. Like fullt høyrer dei heime i eit dunkelt belyst barlokale, til morgonkaffien eller når ein treng eit pusterom om det stormar i livet.
Med det beste frå folkemusikken og visa har dei laga eit knippe sterke låtar som formidlar personlege og nære historiar me alle kan kjenne oss igjen i. Det handlar om å søke seg til det små for å nå det store. Både i livet og i musikken. Med tekstar på tysk, engelsk og norsk skildrar dei to store og små kjensler, og formidlar ein forfriskande nysgjerrigheit på livets gåter.
Deira debutalbum “Temporary Pleasure” er nedpå og nært, akkompagnert av hardingfeler, melodiøst gitarkomp og deilige pianoakkordar. På plata har dei med seg stjernetrommis Martin Langlie (Valkyrien Allstars), som har lagt inn nokre velvalgte rytmer så det hamrar litt ekstra i sjela. Frøkedal- og Valkyrien Allstars-produsent Bård Ingebrigtsen har produsert og miksa plata, og no er den endeleg klar for å visast fram!
«Temporary Pleasure» av Johanna Seim & Sjur Nyvold gis ut på Olivias Rekorder 9. februar 2023.
!! Nå er plata ute !! Lytt her: https://ffm.to/temp0rarypleasure
Johanna - vokal, hardingfele, perkusjon
Sjur - vokal, gitar, piano, fele
Aldersgrense: 20
-----------------------------------
Alle kulturarrangement på SALT foregår innendørs. Se hele programmet her: salted.no/program
Området har flere serveringssteder for både mat og drikke. Menyer finnes her: salted.no/food
Ønsker dere oppdateringer, om vårt kulturpro
Advertisement

Where is it happening?

SALT art & music, Festningsallmenningen,Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

SALT art & music

Host or Publisher SALT art & music

It's more fun with friends. Share with friends