Johanna Seim & Sjur Nyvold på Victoria

Schedule

Thu, 02 Mar, 2023 at 08:00 pm

Location

Victoria Cafe & Pub | Bergen, HO

Advertisement
Plateslippkonsert med Johanna Seim & Sjur Nyvold
Billetter i døra. 150 nok.
Sjå for deg å sitte på Bergensbanen, kanskje på Finse stasjon. Det er snødekte isbrear, små fjellvatn og bjørkeskog utanfor glaset. Toget susar vidare nedover Hallingdal og mot hovudstaden.

Johanna Seim (Berlin/Bergen) og Sjur Nyvold (Rauland/Oslo) kunne vore soundtracket til Bergensbanens storslåtte rute, der naturen susar forbi og ein får ein pause der ein berre kan lytte og føle. Med det beste frå folkemusikken og visa har dei laga eit knippe sterke låtar som formidlar personlege og nære historiar me alle kan kjenne oss igjen i. Det handlar om å søke seg til det små for å nå det store. Både i livet og i musikken. Med tekstar på tysk, engelsk og norsk formidlar dei to ein forfriskande nysgjerrigheit på livets gåter.

Frå Berlin dro Johanna Seim til knøttlille Rauland i Telemark for å lære seg å spele norsk folkemusikk. Det tok ikkje lang tid før ho falt pladask for hardingfela og den vesle plassen, og slik gjekk det til at ho blei i Noreg. Med Raulending Sjur Nyvold foreigner ho ein kjærleik for suggererende felemusikk, like mye som låtskriving og stemmens nakenhet.

Deira debutalbum “Temporary Pleasure” er nedpå og nært, akkompagnert av hardingfeler, melodiøst gitarkomp og deilige pianoakkordar. På plata har dei med seg stjernetrommis Martin Langlie (Valkyrien Allstars), som har lagt inn sine særegne rytmer så det hamrar litt ekstra i sjela. Frøkedal- og Valkyrien Allstars-produsent Bård Ingebrigtsen har produsert og miksa plata, og no er den endeleg klar for å visast fram!

«Temporary Pleasure» av Johanna Seim & Sjur Nyvold gis ut på Olivias Rekorder 9. februar 2023.

!! Nå er albumet ute !! Lytt her: https://ffm.to/temp0rarypleasure
Advertisement

Where is it happening?

Victoria Cafe & Pub, Kong Oscars gate 29,Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Icon
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Johanna Seim

Host or Publisher Johanna Seim

Ask AI if this event suits you: