Ingvard Wilhelmsen – Sjef i eget liv
Schedule
Thu, 13 Mar, 2025 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Med humor, formidlingsevne og glimt i auget fyller professoren rommet med kloke ord og ein god dose sunn fornuft. Ingvard Wilhelmsen held føredrag for fulle hus landet rundt og er kjend som ein av Norges aller, aller beste føredragshaldarar.Ingvard Wilhelmsen pratar om korleis vi taklar press, omstilling, uvisse og risiko. Det meste av det som hender her i livet kan vi ikkje gjere noko med, men korleis vi forheld oss til det som hender, bestemmer vi sjølv. Mange brukar altfor mykje tid på unyttig tankeverksemd, men vi har sjølv ansvar for kva tankar vi handlar på. Dei fleste av tankane våre er jo berre tull – tankar der vi uroar oss for ting som aldri kjem til å hende i røynda. Ingvard utfordrar korleis vi forheld oss til desse tankane. Dersom nokon skal vera sjef i ditt liv, må det vera deg sjølv!
Ta eit oppgjer med unødvendige bekymringar og plagsam hodebry. Dette vil igjen gje oss meir energi til å bruka på kva livet ellers har å by på. Det er mykje flaks og mange faktorar som speler inn for å avgjere kor godt livet blir, og då løner det seg å bruka kreftene på det man faktisk kan gjere noko med.
Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han har i 24 år drive den anerkjende Hypokonderklinikken i Bergen og har skrive fleire bøker, bl.a. «Livet er et usikkert prosjekt», «Sjef i eget liv», «Kongen anbefaler» og «Det er ikke mer synd på deg enn andre».
Føredraget varar om lag 90 minutt.
Advertisement
Where is it happening?
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge,Osøyro, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays: