Høyr Sigri Sandberg samtala om den ferske boka si, «Det året eg vakna».
Schedule
Wed Mar 26 2025 at 06:30 pm to 07:30 pm
UTC+01:00Location
Det Norske Samlaget | Oslo, OS
Advertisement
Venelaget Samlagsrota ynskjer velkomen til eit møte med forfattar Sigri Sandberg! I den ferske boka «Det året eg vakna» er Sandberg oppteken av dei eksistensielle og dystre spørsmåla i vår tid: Naturøydeleggingar og eit klima som blir stadig røffare og meir skremmande. I ein personleg stil skriv ho om kunnskapen vi har om desse utfordringane og om korleis ho sjølv har grubla over kva ho kan bidra med for å endre utviklinga, men ikkje minst, som ho sjølv skriv: «Er det mogleg å ta elendet inn utan sjølv å gå til grunne?». Det prøver denne boka å svare på.Vi møter Sigri Sandberg i samtale med Ragnhild Eikenes. Ho har mange år bak seg som journalist i NRK. No arbeider ho i Norad.
Medlemskvelden er open for alle. Det blir høve til å teikne medlemskap(gratis)i venelaget og det blir både boksal og kaffi. Unge kunstnarar frå «Den Mangfaldige Scenen» vil krydre med musikalske innslag.
Svalbard-foto av Sandberg: Steinar Rorgemoen.
Advertisement
Where is it happening?
Det Norske Samlaget, Mariboes gate 13,Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays: