Hulda Garborg - Norges første interiørblogger
Schedule
Sun Sep 28 2025 at 06:00 pm to 08:00 pm
UTC+02:00Location
Eikaasgalleriet | Førde, SF
Advertisement
Forfattaren og dramatikaren Hulda Garborg (1862-1934) var pioneren bak folkeviseleiken, bunadene og Det Norske Teatret. Ho var også ein trendsetjande interiørskapar og leita etter handgjorde gjenstandar som foreinte det moderne med norsk tradisjon. I familiebladet For Bygd og By rettleidde ho mange som bad om råd for gode norske innreidingsvarer. Åkle hadde ein sjølvsagt plass i «den norske heimen» som Hulda Garborg skapte.
Forfattar Arnhild Skre vil fortelje oss om Huldas idealheim. Vi får også høyre om vevtradisjonen i Jølster knytta til utstillinga Livsnerven, ei utstilling som er forankra i vevtradisjon, mønster, åkle og kvinneleg gründerskap i Jølster. Gjennom foredraget om Hulda og utstillinga i galleriet vil vi kunne sjå korleis dei lokale og nasjonale rørslene er vevd inn i kvarandre.
Billett i døra, kr 250.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Jølster litterære folkeakademi og Eikaasgalleriet.
Advertisement
Where is it happening?
Eikaasgalleriet, Jølstravegen 1677, 6847 Vassenden, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: