Hjartøyna gjennom 11 000 år -Strandtufter, fiskever og makt i vikingtida og tidleg mellomalder
Advertisement
Foredrag med arkeolog Morten Ramstad på Bergens Sjøfartsmuseum:
Korleis levde menneska med og av havet, og korleis vart fiske og fangst del av større endringar langs kysten? Sidan 2019 har forskingsprosjektet Hjartøyna gjennom 11 000 år undersøkt ei lita øy ytst i havgapet i Øygarden. Her er arkeologiske utgravingar kombinerte med feltundervisning for masterstudentar i arkeologi ved Universitetet i Bergen.
Føredraget tek utgangspunkt i strandtufter frå jernalder og tidleg mellomalder. Desse kan ha vore del av sesongvise fiskever, der folk kom til øya for å utnytte dei rike ressursane i havet. Funna frå Hjartøyna gjev eit sjeldan innblikk i korleis kystsamfunna endra seg, frå lokal ressursbruk til organisert fiske, overskot og kontakt langs kysten.
Slik vert Hjartøyna del av ei større kysthistorie, der havet ikkje berre var ei næringskjelde, men også ein veg til kontakt, makt og endring.
Morten Ramstad er arkeolog og seksjonsleiar for Fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen. Han har tidlegare arbeidd som forskar ved både Universitetsmuseet i Bergen og ved Norges arktiske universitetsmuseum i Tromsø.
Foredraget er inkl. i ordinær inngangsbillett. Gratis for medl. i venneforeningen og studenter.

Where is it happening?
Bergens Sjøfartsmuseum, Haakon Sheteligs plass 15,Bergen, Hordaland, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherBergens Sjøfartsmuseum