Hildegunn & Leif-Per MED Kringkastingsorkestret // Oslo Konserthus

Schedule

Fri Apr 09 2027 at 07:00 pm to 08:50 pm

UTC+02:00
Location

Oslo Konserthus | Oslo, OS

Advertisement
I meir enn to år har Hildegunn & Leif-Per Moltubakk turnert land og strand UTAN Kringkastingsorkestret. Slik måtte det nesten bli, etter at Kringkastingsorkestret (KORK) aldri svara på dei 34 e-postane Hildegunn sende – med forslag til både program og koreografi – og påfølgjande spådd suksess, for husmora frå Sunnmøre er småsynsk, må vite.
Men no har KORK endeleg snudd og er på friarføter, for plutseleg er dei gode nok: Ulsteinviks Grand Dame med 60 prosent stilling på Cubus og attåtnæring som spirituell coach – og drosjesjåføren som er Sunnmøres 14. beste gitarist.
Fredag 9. og laurdag 10. april 2027 inviterer eksentriske humorduoen og KORK til ein herleg og humoristisk heilaftan - og ikkje minst med musikk som både inspirerer, rører og vekkjer minner.
På programmet står mellom anna bossanova, herlege jazzperler, country og nasjonalromantikk – og Herborg Kråkevik er invitert på kaffi, må vite. Akkurat denne delen skal gjennomførast med minst mogleg dramatikk, for spørsmålet har hengt i lufta i årevis: Kven er eigentleg den største divaen i underhaldningsbransjen – Herborg Kråkevik eller Hildegunn Moltubakk?
Og sjølvsagt vert det trekking av ei fantastisk fruktkorg - det blir jo aldri skikkeleg fest utan!
Dirigent: Torodd Wigum
NRK skal gjere opptaket av showet/konserten - og publikum kan bli filma.
Advertisement

Where is it happening?

Oslo Konserthus, Munkedamsveien 15, 0250 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Hildegunn Moltubakk
Host or PublisherHildegunn Moltubakk

Ask AI if this event suits you