Heim med Joni
Schedule
Wed, 23 Apr, 2025 at 07:00 pm
UTC+02:00Location
Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Suksessen frå Vossa Jazz – endeleg i Bergen!I 1882 utvandra oldeforeldra til Joni Mitchell frå Modalen til Canada. I konsertframsyninga Heim med Joni blir Joni Mitchell med oss heim att, både tekstleg og musikalsk. Dei kanadiske landskapa er bytta ut med Vestlandet, og saksofonen med hardingfela.
Joni Mitchell har laga mange store hits i si nær 50 år lange karriere som plateartist. Musikken hennar overskrid sjanger og hevar seg over merkelappar som pop, rock og visesong. Frode Grytten, Agnes Ravatn, Linda Eide, Marit Eikemo og Ragnar Hovland m.fl har gjendikta nokre av hennar finaste songar, og i denne konsertframsyninga får du høyra Joni Mitchell i nynorsk språkdrakt. Du får også høyra historia om hennar norske røter, eventyrlege karriere og dramatiske liv.
Mitchell, som har inspirert artistar verda over, kjem til å bli ståande som ei av dei store i moderne populærmusikk. Ho er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, og musikkmagasinet Rolling Stone kallar Mitchell ein av dei største låtskrivarane nokonsinne.
Konsertframsyninga Heim med Joni såg dagens lys under Vossa Jazz 2022. Den er blitt svært godt motteken av publikum, og har sidan spelt for utselde hus.
Medverkande:
Heine Bugge – kapellmeister, trekkspel, vokal
Sigbjørn Apeland – tangentar, vokal
Halvor Folgerø – bass, vokal
Annlaug Børsheim – gitar, fele, vokal
Kåre Opheim – perkusjon, vokal
Sjur Folgerø – gitar
Åse Britt Reme Jakobsen – vokal
Kjersti Mjør – forteljar
Foto: Runhild Heggem/Vossajazz.
Advertisement
Where is it happening?
Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway, Det Vestnorske Teateret, Øvre Ole Bulls plass, 5012 Bergen, Norge,Bergen, Hordaland, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
