Haustsamling for sakprosaforfattarar

Schedule

Fri Oct 25 2024 at 05:00 pm

UTC+02:00

Location

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening - NFFO | Oslo, OS

Advertisement
Velkommen til ein kveld via fagleg og sosialt påfyll for aktive sakprosaforfattarar som er medlem i NFFO!
Fagleg program kl. 17-20. Frå kl. 20: tapas og drikke. Hugs å oppgi ev. allergiar/matpreferansar når du melder deg på. Bar der ein kan kjøpe drikke til vennlege prisar (kostpris).
Målgruppe: aktive sakprosaforfattarar som har publisert ei bok dei siste fem åra. Berre for NFFO-medlemmer. Det faglege programmet blir strømma for medlemmer.
Kl. 17:00 Velkommen ved styremedlem/generalsekretær i NFFO.
Kl. 17:05 Programsjef Linn Rottem presenterer kort programmet til sakprosafestivalen, som skjer laurdag 26. oktober på Litteraturhuset. Festivalen er eit samarbeid mellom NFFO og Litteraturhuset.
Etikk
Kl. 17:15 Espen Søbye og Anne Bitsch i samtale om fornuft og følelsar i sakprosa. Kva skjer når det dukkar opp eit forteljar-eg i teksten – og er det farleg? Kan forfattaren nytte kjenslene sine til noko nyttig i skrivinga og får dei synast? For kor mykje plass i teksten får eigentleg forfattaren ta, av omsyn til den biografierte, bodskapen, kjeldene eller anna?
Samtaleleiar: Ane Farsethås, journalist og kritikar i Morgenbladet.
Aktuelle tekstar:
Anne Bitsch: “Å skrive med kroppen” i antologien Mellom menneske og manus (Res Publica 2024).
Espen Søbye: “Ingen er bare et offer” i antologien Mellom menneske og manus (Res Publica 2024).
Espen Søbye: “Hva er arkivstudien” i antologien Min metode. Om sakprosaskriving (Cappelen Damm 2019).
Kl. 18:00-18:15 Pause (15 min.)
Estetikk
Kl. 18:15 Føredrag Ivo de Figueiredo: Djevelen ligg i notane. Om noteapparatet i Munch-biografien.
I første bind av Edvard Munch-biografien Stormen (Aschehoug, 2023) til historikar og sakprosaforfattar Ivo de Figueiredo er notane like fine som essays og inneheld nok forteljingar og personar til ein heil forfattarskap. I dette føredraget kjem han inn på researchen og fintenkinga som noteapparatet har kravd, og korleis notepraksisen spring ut frå den overordna poetikken hans. Dessutan vil han avsløre nokre favorittnotar. Andre bind av Stormen kom ut i oktober.
Kl. 19:15-19:30 Pause (15 min.). Noko godt i glaset.
Politikk
Kl. 19:30 Ayesha Wolasmal og Simen Sætre i samtale om å skrive sakprosa om “dei andre”. I ei tid når me lett kan få informasjon frå forskjellige kjelder, blir ståstaden til forfattaren desto viktigare. Korleis skrive om andre kulturar utan å begå eksotifisering? Kva seier skildringane av dei andre om forfattaren?
Samtaleleiar: Carline Tromp, forfattar og frilansjournalist.
Aktuelle utgivingar/tekstar:
Ayesha Wolasmal: Tusen dager med Taliban (Kagge 2024)
Simen Sætre: “Å skrive om land man hater” i antologien Mellom menneske og manus (Res Publica 2024).
Frå kl. 20:15 Tapas og påfyll i glaset.
Programkomité: Torolf Kroglund, forfattar, og Carline Tromp, forfattar og frilansjournalist.
Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Kristine Isaksen, [email protected] / 952 01 968.
NB! Obligatorisk påmelding her: https://medlem.consio.no/MinSide/Activity/Activity/50106?oid=20a87cf8-12d9-4088-960d-bb1213c1c4c6
Advertisement

Where is it happening?

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening - NFFO, Uranienborgveien 2,Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Norsk faglitter\u00e6r forfatter- og oversetterforening - NFFO

Host or Publisher Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening - NFFO

It's more fun with friends. Share with friends

Discover More Events in Oslo

"At livet det er no det likaste lell" - en fortellerkonsert om Per Sivles liv og tekster.
Thu Oct 24 2024 at 09:00 pm "At livet det er no det likaste lell" - en fortellerkonsert om Per Sivles liv og tekster.

Grefsenkollveien 100, 0490 Oslo, Norway

MUSIC ENTERTAINMENT
Etterutdanningsuka: Temadag i regi av BSFs lokalgruppe Oslo
Fri Oct 25 2024 at 08:30 am Etterutdanningsuka: Temadag i regi av BSFs lokalgruppe Oslo

OUS, Ullevål Sykehus

Frokostsamtale med Maritea D\u00e6hlin og Bianca Hisse
Fri Oct 25 2024 at 09:00 am Frokostsamtale med Maritea Dæhlin og Bianca Hisse

Black Box teater

ART PERFORMANCES
Lagets generalforsamling 2024
Fri Oct 25 2024 at 10:30 am Lagets generalforsamling 2024

Rolf Wickstrøms Vei 15

H\u00f8stsabbat 2024
Fri Oct 25 2024 at 02:00 pm Høstsabbat 2024

Kulturkirken JAKOB

MUSIC ENTERTAINMENT
Unge Venstres Landsm\u00f8te 2024
Fri Oct 25 2024 at 02:00 pm Unge Venstres Landsmøte 2024

Røde Kors

Tantra - kraft, seksualitet og \u00e5nd
Fri Oct 25 2024 at 06:00 pm Tantra - kraft, seksualitet og ånd

Oslo, Norway

Superkid
Fri Oct 25 2024 at 06:00 pm Superkid

akersgata 38 , 0180

ART THEATRE
Halloween Madness
Fri Oct 25 2024 at 06:00 pm Halloween Madness

Ole Deviks vei 10 0666 Oslo

HALLOWEEN FESTIVALS
The Long Ryders \/BL\u00c5
Fri Oct 25 2024 at 06:00 pm The Long Ryders /BLÅ

BLÅ

Vinkveld Piemonte
Fri Oct 25 2024 at 06:30 pm Vinkveld Piemonte

Grefsenkollveien 100, 0490 Oslo, Norway

Kunsten \u00e5 v\u00e6re menneske - Introduksjon til Shambhala Mindfulness meditasjon i Oslo
Fri Oct 25 2024 at 07:00 pm Kunsten å være menneske - Introduksjon til Shambhala Mindfulness meditasjon i Oslo

Kjernekraft, Storgaten 23, Folketeaterpassasjen, Oslo

CALENDAR

What's Happening Next in Oslo?

Discover Oslo Events