GREATEST DIKTS JON HJØRNEVIK M/DAGFINN IVERSEN

Schedule

Fri Nov 18 2022 at 09:00 pm

Location

MadamFelle | Bergen, HO

Advertisement
Vel møtt til ein kveld med nye og gamle greatest dikts. Påfuglen som landa i møtematen med Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen. Hald fast i duken og gjer klar for eit lyrisk møte mellom sjuke vestlandstankar og det perfekte, hovmodige og ambisiøse der ute i verda. Dette er skakt og gale og på kollisjonskurs frå første strofe.
Rimsmeden Jon Hjørnevik er altså ute med ny hårreisande diktsamling. I Påfuglen som landa i møtematen er alle former for skit samla mellom to pene permar. Heller ikkje diktaren sjølv slepp unna sin eigen penn.
Her kjem og nye klassikarar ingen har høyrt før, heller ikkje Hjørnevik sjølv. Det einaste me kan garantere, i tillegg til å stille opp, er ein ei tung reise i lyrisk skit, perler for svin og svin for perler.
Med seg har han som alltid Dagfinn Iversen på gitar og slurve. Iverersen er bakarsonen, råkøyararen, kokken, konjakkelskaren, målmannen og visesongaren som fortvila freistar å redda diktkveld etter diktkveld med sine gitartonar.
Dette kan ikkje gå bra.
Vel møtt til nok ein kveld på Madam Felle – som kvier seg til ei lyrisk lurveleven.
Advertisement

Where is it happening?

MadamFelle, Bryggen 43, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

MadamFelle

Host or Publisher MadamFelle

It's more fun with friends. Share with friends