Gratis påskekino
Schedule
Thu Apr 02 2026 at 12:30 pm to 02:00 pm
UTC+02:00Location
Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Vi byr på gratis kino kvar dag museet er ope i påsken. Filmane passar for heile familien, og du må gjerne hente ut billett på førehand.Vi har valt ut fem filmar som vi viser gjennom heile påskeveka. Under kan du lese litt om kva dei ulike filmane handlar om.
Reisen til verdensrommet
I Reisa til verdsrommet følgjer vi 12 år gamle Mariana og stefaren hennar Marcus, som etter ein krangel hamnar om bord i ein heimelaga rakett. Bak rakettkonstruksjonen står Albert, ein litt gal forskar, og hjelparen hans Lemming – ein snakkande lemen. Sammen legg den originale kvartetten ut på ei fartsfylt reise tilbake i tid for å forhindre ei rakettulukke som tok livet av den store kjærleiken til Albert, Lisa. Reisa fører dei særegne heltane våre til Mars, der dei blir stilte overfor eit avgjerande val: Skal dei redde jorda, eller Alberts store kjærleik?
Filmen er tillatt for alle. Svensk tale med norsk tekst.
Karsten og Petra lager teater
Karsten og Petra drar på teater med barnehagen. Etter å ha sett Tornerose vil Petra lære meir om teater, og Karsten får interesse for lyssetjing. Etter eit spennande møte med teaterdukkene får Løveungen og Frøken Kanin lyst til å bli skodespelarar.I barnehagen høyrer Karsten og Petra om eit barneheim i India som ikkje har elektrisitet. Barna får ein lys idé: Dei vil samle inn pengar til barneheimen ved å lage ei teaterframsyning om lysnisser som bringar lys i mørket. No startar prosessen med å skape manus, song, dans, kostyme og scenografi. Og best av alt – alle kosedyra får vere med i teaterframsyninga!Barn og foreldre jobbar iherdig for å få framsyninga klar i tide, men problema hopar seg opp. Dei treng eit større lokale – og ikkje minst eit publikum! Og kva skal dei gjere når følgjespoten som Karsten skaffa, kortsluttar alt lys? Den største utfordringa oppstår når Petra vrikkar ankelen og ikkje kan spele hovudrolla som lysnissemor. Tør Karsten å ta oppgåva på sparket, utan å ha øvd? Heldigvis kjem hjelpa frå uventa hald ...
Filmen er tillatt for alle og dei snakkar norsk.
Todd og Super-Stella
Stella er lei av å vere minst, og mislikar alt ho ikkje får til. Og ho likar ikkje ting som gjer vondt. I tillegg har Stella ein livleg fantasi som kverner ut fæle bilete av det ho gruar seg til. Det er irriterande at storebror Todd klarer alt Stella ikkje kan, og at han alltid vil konkurrere. Men det er heller ikkje lett å vere størst og eldst. Todd tør ikkje stupe og spring saktest av alle i klassen. Difor elskar han å vinne over Stella. Men gleda varer kort, for dei begynner alltid å krangle. Og Todd får skulda. Nokre gonger skulle han ønske dei kunne selje Stella.
Filmen er tillatt for alle og dei snakkar norsk.
Den lille prinsen
Basert på boka med same namn! Frå regissøren av Kung Fu Panda kjem Den vesle prinsen – ei historie om vennskap, mot og det å våge seg ut i det ukjende. Ei lita jente lever i ei svært vaksen verd saman med mora si, som gjer alt ho kan for å førebu dottera på vaksenlivet. Etter kvart blir jenta kjent med den litt smågale naboen sin, Flygaren, som introduserer henne for ei ny og spanande verd, full av eventyr og leik: den vesle prinsen si verd. Eit univers der alt kan skje, om ein berre vågar å reise ut i det ukjende.
Filmen er anbefalt frå 6 år, og dei snakkar norsk.
Ozzy
Familien til hunden Ozzy skal på ferie til Japan, men han får ikkje vere med. I staden blir Ozzy innlosjert på det luksuriøse Blue Creek spahotellet for hundar. Utanfrå ser hotellet heilt perfekt ut, men så snart eigarane til Ozzy drar, endrar både staden og dei tilsette karakter. Blue Creek er eigentleg eit hundefengsel som blir drive av ein gjeng ondskapsfulle rottweilarar. No må Ozzy finne ein lur plan for å flykte frå denne fryktelege plassen. Heldigvis får han god hjelp av dei nye venene sine: Chester, Fronky og Doc.
Filmen er tillatt for alle og dei snakkar norsk.
Advertisement
Where is it happening?
Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norway, Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.















