GJEST Besøk fra Kamilla fra Bakkervig Gård

Schedule

Sat Jul 11 2026 at 12:00 pm to 04:00 pm

UTC+02:00
Location

Vestre Fognavei 344, 4164 | Stavanger, RO

Advertisement
Besøk fra Kamilla fra Bakkervig Gård forteller om drift og filosofi av 9 generasjons gårdsdrift, hun gir oss en personlig og spennende presentasjon i tillegg til et stort utvalg av spennede produkter, fra skinn fra villsau, saft, syltetøy og ferskvarer.
Bakkavik / Bakkevig Gard
Eigar Kamilla Bakkevig
Utdanna ved NMBU 1992, jobba i Norsk Landbruksrådgjeving til eg blei heiltidsbonde i 2005.
Om lag 130 vinterfôra sauer av rasen gammalnorsk sau (populært kalla villsau). Desse beitar nede ved sjøen, på innmark og utmark heile året, men får tilleggsfôr i form av grasrundballar om vinteren og litt kraftfôr i lemminga. Det er den eldste og minste sauerasen i Noreg. Den er hardfør og sprek, men er lett å ha med å gjera og kjem fort når ein kjem med godsaker i bøtta. Dei har ein variert meny; m.a. gras, urter, lauv, brakje, tare og lyng. Dette gir kjøtet mildt og godt, med eit snev av viltsmak. Det er også magrare, mørkare og møyrare enn anna kjøt av småfe. Søyene er kjende for å vera gode mordyr, som tar svært godt vare på lamma sine. Lamma er små ved fødsel, og dette gjer at det er mindre slitasje på mødrene og mindre behov for hjelp under lemminga. Eg kan telja på ei hand dei gongene eg har måtta hjelpa til ved ein lammefødsel! Sauene lever ofte til dei er 8-10 år. Når ein har dyra såpass lenge er det ikkje lett å bytta dei ut, og dei mest tillitsfulle får ein jo eit nært forhold til…
Utfordringa med denne rasen er at slakta av desse lamma er monaleg mindre enn hjå NKS (norsk kvit sau), og dette påverkar lønsemda i drifta. Me er fleire som tek kjøtet i retur og sel sjølv. På garden vår får me laga til pinnekjøt og fenalår, og elles har me lammekjøt i sesong. Pinnekjøt og fenalår blir laga til på Vikedal Gardsmat som har gode referansar frå foredlinga. Dette blir laga av lam og fjorlam. Fjorlam er lam som har gått og beita eit år ekstra. Dei blir difor litt større og har litt meir smak enn lam. Tilbakemeldingane me får er gode, og mange av kundene våre kjem att pr etter år, noko me set stor pris på!
Om sommaren har me også litt poteter, jordbær og grønt som me sel i ei sjølvbetjeningsbu på garden.
Garden har vore i familien sidan 1746, og eigar i dag er niande generasjon. Men fornminne syner at det har vore bønder her heilt si før Svartedauden. Det er såleis ein gammal gard! Som eigar i dag, ser eg meir på meg som ein forvaltar enn drivar. Men eg legg vinn på å halda ved like jorda og dei gamle husa med respekt for dei som har drive før. Og at forhåpentlegvis neste generasjon har lyst til å ta over.
Landbruk og fiske har gått hand i hand gjennom generasjonane. I dag er det helst turistar som bruker sjøen rundt her som rekreasjon. Men hummarfisket er tradisjon, og noko eigar ser fram til kvart år!
Gjennom generasjonane har ein tilpassa seg tida ein lever i. Foreldra mine sette i gang utleige av eit hus til turistar i starten på 1990-talet. Deretter gjekk det slag i slag med bygging av hytter, og i dag er det fem hytter og eit hus som blir leigd ut. Nærleiken til sjøen gjer dette populært.
Far var ein drivande bonde, flink med jord, dyr og folk! Men utviklinga i jordbruket og behov for store invisteringar gjorde at mjølkeproduksjonen blei avvikla i 2014 (av noverande eigar). Etter dette har saueflokken blitt utvida gradvis og frå 2019 starta me med sal av kjøt. Eg likar å ha ting på gang, men må tilpassa til lommebok og arbeidskapasitet. Litt fri innimellom er også viktig! Neste draumen min er å få laga til garn av ulla. Sidan dette er heilårsull (blir klippa ein gong i året), er den lite verd. Men det er spinneri i Noreg som tar imot som leigespinning, så muligheten er til stades!
Advertisement

Where is it happening?

Vestre Fognavei 344, 4164, Vestre Fognavegen 344, 4164 Stavanger, Norge, Stavanger, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
The FOGN Experience
Host or PublisherThe FOGN Experience

Ask AI if this event suits you