Foredrag med Ingun Grimstad Klepp

Schedule

Thu Sep 29 2022 at 06:00 pm to 08:00 pm

Location

Sunnmøre Museum | Ålesund, MR

Advertisement
Kva er det mest berekraftige materiale for framtida? «Det eldste og mest varige vi har. Gløym ny teknologi, det er i historia vi finn berekraftige vegar framover» svarar Ingun Grimstad Klepp, professor i klede og berekraft.
I tusenvis av år har menneska vore varme, vakre og velkledde utan å legge press på klima og økosystem. Vi har hatt klede som har vore så sterke og vellaga at dei har vart i generasjonar. Tekstilavfall fants knappast historisk då alt var brukt til siste trevl. Klima -og miljøbelastning er ikkje ein rød tråd i motehistoria, men eit unntak som høyrer til vår tid. Det er difor gode grunnar til å sjå seg tilbake for å hente kunnskap og inspirasjon for den store omstillinga tekstilbransjen ikkje lenger kan vegre seg for.
I Noreg er vi heldige og har sau med ull som liknar mykje på saueulla frå vikingtida og før, og ein oppegåande og tradisjonsrik industri som kan teke ulla frå sauen sin kropp til vår.
Framtida er å gå kledd i varige og varme klede som tek tid, ferdigheiter og kunnskap å skape. Vi må raskast mogleg redde dei små handverkarane, lærlingordningane og alt anna som støttar liten, langsam og lokal produksjon, og stikke kjeppar i hjula på Fast Fashion, båe privat og politisk.
Velkomen til foredrag!
Inngang: Kr. 200
Foto: Pressefoto
Advertisement

Where is it happening?

Sunnmøre Museum, ,Ålesund, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Sunnm\u00f8re museum

Host or Publisher Sunnmøre museum

It's more fun with friends. Share with friends