Folkemusikkpub på Straume
Schedule
Sat, 07 Feb, 2026 at 07:00 pm to Sun, 08 Feb, 2026 at 01:00 am
UTC+01:00Location
Sartor Bowling | Bergen, HO
Advertisement
Årets første Folkemusikkpub 2026, og denne gang på Straume!Me opnar dørene kl 19:00. Kl 20:00 går Bríd Harper og Magnus Wiik på scenen. Me får irsk folkemusikk i fele/gitar-format med fokus på et tett og dynamisk samspel.
Bríd Harper (fele) kjem frå Castlenn i Donegal, ho vert beskrive som «one of the best fiddlers in traditional music» av The Irish Echo. Ho vant den prestisjetunge seniorklassa på All-Ireland (den irske landskappleiken) så tidlig som i 1988, og er ein felespelar som andre felespelarar snakker om med ærefrykt i stemmen. Bríd speler med musikarane som Dermot Byrne og John Doyle, og jobbar med dei største navna innan irsk folkemusikk. Hennar soloalbum frå det siste tiåret har blitt ståande som moderne klassikarar i sjangeren.
Magnus Wiik (gitar) er for mange kjent gjennom bluegrassband som Open String Department og Julie & The New Favorites, og har fått skussmål som «ein av vår tids mest innovative og geniale musikktolkere» (Mono Magasin). Han har blitt beskriven som «en norsk utgave av Béla Fleck, Ricky Skaggs og Tony Rice i én og samme person» (Leiv Solberg, Folkemusikktimen). Tidlig på 2010-tallet var det imidlertid irsk folkemusikk som gjaldt for Magnus, då turnerte han over heile Europa med irsk folkemusikk, på festivalar som Celtic Connections, London City Festival og Tønder og delte scener med bla Altan og samarbeidet med musikere som Gerry O’Connor, Ronan Ryan og Tony O’Connell.
Med andre ord: det er berre å gle seg! Ta med deg ein ven, eit instrument eller berre godt humør og bli med.
Billettar:
Ordinær: 250,-
Medlem: 200,-
Promokode til medlem: medlem.
VELKOMEN! 🩵🤍❤️
Advertisement
Where is it happening?
Sartor Bowling, Sartorvegen 12 - Sartor Storsenter,Straume, Hordaland, Norway, BergenEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.







