Finn Erix basarkonsert
Schedule
Sat Nov 29 2025 at 05:00 pm to 07:00 pm
UTC+01:00Location
Storehagen 10, 6800 Førde, Norway | Førde, SF
                  		Advertisement
                   		                   		 
                  	
                  
                                    
                  Finn Erix kjem til Nynorskhuset – med julebasar, humor og hemmelege gjestar!Gjengen - med utstpring i Radio Røynda - fyller store salar i Bergen, og fredag 29. november kjem dei endeleg til Førde. Finn Tokvam, Odd-Erik Lothe og Halvor Folgerø står på scena i Teatersalen i Nynorskhuset, saman med eit fullt band på fem musikarar.
Førde-publikummet har allereie vist at dei har sansen for Finn Tokvam. I vår og haust har han fylt Teatersalen med soloshowet sitt fleire gongar. Denne gongen kjem han tilbake i eit litt anna format: Finn Erix sitt populære julebasar-konsept, for aller første gong i Førde.
Det blir ein kveld med alt som høyrer til: Julesongar du både kjenner og ikkje visste at du trong, humor som treffer rett i hjartet og sjølvsagt den legendariske basaren. For kva er vel Finn Erix utan fruktkorga som hovudpremie? Og som om ikkje det var nok, det ryktast at det også kjem hemmelege gjestar denne kvelden …
Dagen før står Finn Erix på scena i Bergen for ein utselt sal med 1000 publikummarar. Dette er ein unik sjanse til å oppleve dei tett på – i heilt særprega førjulsstemning.
Billettane blir sleppte torsdag 25. september kl. 09.00. Det er berre å gle seg – og å vere rask.
                    	 
                    	 Advertisement
                    	                    		 
                    
                  
                  Where is it happening?
Storehagen 10, 6800 Førde, Norway, Storehagen 8, 6800 Førde, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
 
								
									Know what’s Happening Next — before everyone else does. 
								
							






