Finn

Schedule

Thu Nov 12 2026 at 07:00 pm to 09:00 pm

UTC+01:00
Location

Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway | Bergen, HO

Advertisement

FINN er ein ny komedie av Are Kalvø. Her møter vi eit galleri av menneske som prøver å rydde i bodar, forhold og fortid – med svært varierande resultat.
Alle har ei Finn-historie!
Ein mann kjøper tilbake sofaen som skulle redde ekteskapet.
Ein annan sel heile platesamlinga si for å få folk på besøk.
Nokon leitar desperat etter ein designklassikar.
Medan andre sel ein meter med sjølvhjelpslitteratur.
Kva fortel eigentleg nettstaden finn.no om oss nordmenn?
Nokon har kjøpt noko dei angrar på.
Nokon har selt noko dei aldri burde kvitta seg med.
Nokon leitar framleis etter akkurat den tingen som kan fikse livet litt.
I Are Kalvø sin nye komedie møter vi eit galleri av menneske som prøver å rydde i bodar, forhold og fortid – med svært varierande resultat. For på Finn handlar det aldri berre om ting.
Det handlar om draumar, minner, håp, nostalgi — og alt vi ikkje heilt klarer å gi slepp på.
FINN er ein varm komedie om alt vi samlar på, alt vi prøver å bli kvitt, og det vi eigentlig saknar.

For kva er det eigentlig vi leitar etter?

Are Kalvø – ein av Noregs mest folkekjære humoristar og satirikarar.
Gjennom bøker, scenetekstar, radio, podkastar og standup har han i fleire tiår fått nordmenn til å le av seg sjølve.
Han har tidlegare skrive om alt frå norske kinarestaurantar, Syden-turar og harryhandel, til hyttefolk, friluftslivshysteri og den norske trongen til å vere både heilt vanleg og heilt spesiell på same tid.
No har Are Kalvø retta blikket mot finn.no — kanskje den mest norske møteplassen av alle.
Scene: Hovudscenen
Varigheit: Ca 2 timar inkl. pause

Kunstnarleg lag:
Av: Are Kalvø
Regi: Yngve Sundvor
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Lysdesign: Silje Grimstad
Med:
Christine Hope
Sigmund Njøs Hovind
Anne Guri Tvedt
Jan Martin Johnsen

Advertisement

Where is it happening?

Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway, Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Det Vestnorske Teateret
Host or PublisherDet Vestnorske Teateret

Ask AI if this event suits you