Evjuspelet 2025
Schedule
Sat Jun 07 2025 at 02:00 pm to 04:00 pm
UTC+02:00Location
Sætrevegen 44, 3810 Gvarv, Norway | Notodden, TE
Advertisement
For nokon modellar - Werenskiold på GvarvEtter braksuksessen i 2024, blir det igjen spel på Evju Bygdetun! Denne gong med eventyrleg og nasjonalromantisk bakteppe. Vi reiser tilbake til 1880-åra, og møter kunstnaren Erik Werenskiold og hans kone Sophie, når dei tilbringer ein sommar på Gvarv.
Nokon av Werenskiolds mest kjente verk blei til her, til glede og oppstandelse for bygdas befolkning. Mange var det som ville bli teikna, og kunstnarens møte med stolte og staute Telemarkingar kunne by på så mangt. Her møter vi ikoniske karakterar frå folkeeventyra og nasjonalromantikken, som Kjerringa mot strømmen, Prinsessa som ingen kunne målbinde, Seterjenter, Askeladden og modellane til nasjonalmaleriet En bondebegravelse.
Werenskiolds nære kollega og venn, Theodor Kittelsen, hadde farsslekta si frå Gvarv, og dei to kunstnarane samarbeida tett om eventyrillustrasjonane. Kanskje dukker Kittelsens kreaturer opp i Werenskiolds sinn?
Gled dykk til eit eventyrleg spel med profesjonelle skodespelarar, dyktige amatører, lokale folkedansarar og fengande musikk!
Manus, musikk og regi: Roar A. K. Bøye
Trollkunstnar og scenografi: Runaug Venås
Kostymer: Evju Bygdetun, Jorid Vale
I rollene:
Erik Werenskiold: Martin Ødegaard
Sophie Werenskiold: Karen Kjeøen Erikstad
Theodor Kittelsen / Ole Thommesen: Hans Jacob Sand
Rollef Hansson Gunheim / Vastrollet / Skogtrollet: Ole Martin Hagtvedt Holte
Kari: Tine Grove
Tone: Una Sand Venås
Anne: Alva Sand Venås
Mannen / Christoffer Gunheim: Ole Arnfinn Hagen
Kjerringa mot strømmen: Anita Haugedal
Bondekone Bergit: Jorid Vale
Ragnhild Moen / Jenny / Martha: Ingebjørg Bø
Aktørar i "En bondebegravelse»:
Hans Ibsen Moen: Thor Røyland
Hans Gunheim: Johannes Storm Ryen
Anund Lindheim: Harald Omnes
Kristoffer Notevarp: Hans Kortner Ryen
Gunleik Kaasa: Edgar Johnsen
Knut Lindheimsmoen: Aslak Gunheim
Unge folkedansarar frå Nes nasjonale dansarring med Ingebjørg Bø.
Laurdag 7. juni kl. 14.00 og 18.00
Sundag 8. juni kl. 14.00 og 18.00
280 kr + bill.avgift
Under 20 år gratis!
Advertisement
Where is it happening?
Sætrevegen 44, 3810 Gvarv, Norway, Sætrevegen 44, 3810 Gvarv, Norge,Gvarv, Notodden, NorwayEvent Location & Nearby Stays: