Etande foredrag: Mjølkemat

Schedule

Sat Sep 19 2026 at 02:00 pm to 03:00 pm

UTC+02:00
Location

Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway | Oslo, OS

Advertisement
Kva skal skje?
Mjølk frå kyr og andre husdyr har gjennom tidene bydd på viktig næring, men òg utfordringar. Korleis kan vi ta vare på mjølka og nytte henne på best mogleg vis? Syrning, ysting og kjerning er nødvendige teknikkar for å gjere mjølka haldbar.
I dette foredraget tek matforskar Annechen Bahr Bugge oss med gjennom mjølkehistoria, og undervegs blir det servert smaksprøver på mjølkerettar laga av Credo.
Kven møter du?
Annechen Bahr Bugge er sosiolog og seniorforskar ved SIFO og OsloMet og forskar på den norske matarven forskingsprosjektet FoodLessons. Ho har òg skrive boka Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere. Mat og spisevaner i Norge fra 1500-tallet til vår tid.
Når og kvar?
Laurdag 19. September kl. 14–15
Nasjonalbiblioteket, kantina
Inngang frå Observatoriegata
Slik kjem du deg hit: https://www.nb.no/besok/
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, og du treng ikkje billett. Det er ei avgrensa mengd smaksprøver, så møt opp i god tid.
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet her: https://www.nb.no/tv/
og opptaket ligg ute i 14 dagar HER.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod som er forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Handverksfestivalen
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som løftar fram den materielle kulturarven vår og kunnskap som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar. Festivalen i år er den femte i rekkja og vi byr på ei rekkje arrangement over to dagar, fredag 18. og laurdag 19. september.
Sjå heile programmet her: https://www.nb.no/handverk-2026/
Velkomen!
Foto: Landbrukets film- og billedkontor / Nasjonalbiblioteket
Advertisement

Where is it happening?

Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway, Observatoriegata 2B, 0254 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Nasjonalbiblioteket
Host or PublisherNasjonalbiblioteket

Ask AI if this event suits you