Døden i Venezia // Ymist
Schedule
Mon May 26 2025 at 06:00 pm to 07:30 pm
UTC+02:00Location
Johanne Dybwads plass 1, 0161 Oslo, Norway | Oslo, OS
Advertisement
Kva gjer du når verda slik du kjenner ho står og vippar? Du spring heim og bestiller ferie til Syden.«Døden i Venezia» er eit gjestespel frå Ymist, ei scenekunstgruppe som vart etablert hausten 2014 av Morten Espeland og Erlend Samnøen.
SPELEDATOAR:
▪️Måndag 26. mai kl. 18.00
▪️Tysdag 27. mai kl. 19.00
▪️Onsdag 28. mai kl. 13.00 og 19.00
OM FORESTILLINGA:
Ei kjensle av undergang snik seg inn på oss. Korleis agerer me når avgrunnen står og gapar rett framfor føtene våre? Når styrtregnet tømmer seg over oss, når menneske blir jaga på flukt, og når sanninga blir forvridd til det absurde? Får det oss til å handla?
I samansmeltinga mellom eit distansert tekstleg førelegg, eit brutalt koreografisk materiale, og eit forførande musikalsk uttrykk, ynskjer framsyninga å undersøkja eit menneske som nektar å erkjenna at døden har inntatt manesjen, og som heller rømmer inn i sjølvbedraget og begjæret.
Ymist arbeidar i eit scenisk språkområde som insisterer på at den koreograferte rørsla er like viktig som den talte teksten. Der det fleirstemmige i skodespelaren sin kropp, stemme, og fysikk er det kunstnarlege brennpunktet i møte med litteraturen. Elementa skal ikkje illustrera men utfordra, og stå i opposisjon til kvarandre. Dei tekstlege førelegga er ikkje-dramatiske tekstar med tydelege litterære kvalitetar. Fokuset for arbeidet er å gje litteraturen kropp – og å gestalta tekstens materialitet.
MEDVERKANDE:
Forfattar: Thomas Mann. Rettigheitshavar, forlag: S. Fischer Verlag GmbH, Frankfurt am Main, Germany ©
Omsetjar: Geir Pollen. Forlag i Noreg: Skald. Dramatisert av: Oda Radoor. Koreograf, regissør: Erlend Samnøen.
Utøvarar: Morten Espeland, Erik Rulin, Nils Jakob Langvik.
Komponist: Nils Jakob Langvik. Scenograf: Kjersti Alm Eriksen. Ljosdesignar: Ingeborg Staxrud Olerud. Kostymedesignar: Ane Ledang Aasheim. Dramaturg: Oda Radoor. Teknikar: Daria Zarbeeva. Produsent: Emilie Mordal. Foto/illustrasjon: Kjersti Alm Eriksen.
Støtta av: Kulturrådet, Fond for lyd og bilde, Fritt Ord, Bergesenstiftelsen, Fond for utøvende kunstnere.
Co-produsentar: Black Box teater, Tou Scene, Rosendal Teater.
Advertisement
Where is it happening?
Johanne Dybwads plass 1, 0161 Oslo, Norway, Johanne Dybwads plass 1, 0161 Oslo, Norge,Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
