Dypdykk:​​ Glade grender – kva meinte forskarane om drabantbyane?

Schedule

Wed Jun 10 2026 at 04:30 pm to 05:10 pm

UTC+02:00

Location

Nasjonalmuseet – Arkitektur | Oslo, OS

Advertisement
Kva for politikk låg til grunn for utbygginga av Groruddalen? Kva slags barndom var det planleggjarane hadde lagt til rette for? Og blei kritikken mot miljøet og arkitekturen tatt til følgje?
Anne-Kristine Kronborg, arkitekturhistorikar og førsteamanuensis ved NMBU, har lenge hatt bustadpolitikken sin historie som del av forskingsfeltet sitt.
I dette dypdykket, som er eit lite foredrag, tar ho publikum med inn i ulike prosjekt og set både arkitekturen og kritikken inn i eit historisk perspektiv.
Den store bustadmangelen etter andre verdskrigen var starten på den storstilte utbygginga av Groruddalen i Oslo. Nye lokalsamfunn blei bygd nærast frå grunnen av med moderne bustader og alt folk trong i kvardagen – T-bane, skular, butikkar, idrettsanlegg og leikeplassar.
Utviklinga gjekk fort, ein bygde stort, for mange menneske og i eit høgt tempo. Det gamle jordbruks- og forstadslandskapet blei totalt forandra i løpet av eit par tiår. Utviklinga gjekk føre seg i samsvar med dei rådande teoriane og ideala i samtida, og var både visjonær og pragmatisk.
Mot slutten av 1960-talet sette kritikken inn. Ifølgje Ammerudrapporten og Stovnerrapporten blei barn einsame og deprimerte i drabantbyane. Hadde ein skapt «et miljø som la forholdene til rette for passivitet, hærverk og nederlag»?
Dypdykket er i CNS-salen i andre etasje i Nasjonalmuseet - Arkitektur på Bankplassen 3. Det er trinnlaus inngang frå Myntgata og heis i bygget.
Du treng billett til Nasjonalmuseet – Arkitektur for å delta. Du må også hente ut gratisbillett til arrangementet. Det er fint å møte opp tidleg for å sjå utstillinga først.
Advertisement

Where is it happening?

Nasjonalmuseet – Arkitektur, Bankplassen 3, 0151 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Icon
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Nasjonalmuseet

Host or Publisher Nasjonalmuseet

Ask AI if this event suits you:

Discover More Events in Oslo

MISFORST\u00c5TT UNGDOM - FRA DOM TIL DR\u00d8M
Wed, 10 Jun at 08:45 am MISFORSTÅTT UNGDOM - FRA DOM TIL DRØM

Torshov og Lilleborg menighet

Fra Dom til Dr\u00f8m - Alle fortjener en ny sjanse
Wed, 10 Jun at 09:00 am Fra Dom til Drøm - Alle fortjener en ny sjanse

Torshov og Lilleborg menighet

BUSINESS CONFERENCES
Heddadagene: \u00c5 skape kunst med risiko
Wed, 10 Jun at 09:00 am Heddadagene: Å skape kunst med risiko

Det Norske Teatret

ART THEATRE
BaByvandring: Skulpturvandring i Vigelandsparken
Wed, 10 Jun at 12:00 pm BaByvandring: Skulpturvandring i Vigelandsparken

Frognerparken Hovedport

EKSAMENSKONSERT
Wed, 10 Jun at 01:30 pm EKSAMENSKONSERT

Akersgata 74, 0180 Oslo, Norge

L\u00e6r deg \u00e5 finne rett type dekk til din kj\u00f8ring med dekk ekspert Martin Johansson fra Duell
Wed, 10 Jun at 05:00 pm Lær deg å finne rett type dekk til din kjøring med dekk ekspert Martin Johansson fra Duell

Alfaset 1. Industrivei 4, 0668 Oslo, Norway

Westie Wednesday Summer Party \u2600\ufe0f
Wed, 10 Jun at 05:00 pm Westie Wednesday Summer Party ☀️

Sagene Samfunnhus , Oslo, Norway

Kurs i druebeskj\u00e6ring p\u00e5 Gartneriet\ud83c\udf47
Wed, 10 Jun at 05:30 pm Kurs i druebeskjæring på Gartneriet🍇

Gartneriet Bygdø Kongsgård

SPORTS
Dypdykk: Asta N\u00f8rregaards religi\u00f8se motiver
Wed, 10 Jun at 05:30 pm Dypdykk: Asta Nørregaards religiøse motiver

Nasjonalmuseet

Psykoanalytisk sommerkonferanse 2026
Wed, 10 Jun at 05:45 pm Psykoanalytisk sommerkonferanse 2026

Fr. Nansens vei 17, 0369 Oslo, Norway

What's Happening Next in Oslo?

Discover Oslo Events