Draumkvedet - konsert og plateslepp
Schedule
Tue, 06 Jan, 2026 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Kyrkjevegen 3, 5911 Alversund, Norge | Bergen, HO
Advertisement
DRAUMKVEDET - KONSERT OG PLATESLEPPAlversund kyrkje - 6.januar kl.19.00
Linda Røyseth Sandhåland - kveding
Bjørn Schille - hybridgitar
Inge Alver - innleiing
Bill. kr.250
Påmelding på Vipps til: 92 66 39 20.
Arr: Nordhordland song- og musikkverkstad og Kleivdalhuset. Med stønad frå Alver kommune.
OM KONSERTEN:
I "Draumkvedet" høyrer me om Olav Åsteson som la seg ned på julaftan, fall i djup søvn og som ikkje vakna att før trettandedagsjul. Medan han søv har han gått over Gjallarbrui og vore på ei reise gjennom himmelriket og helvete. Etter at han vaknar frå draumen, rir han til kyrkja der han fortel om kva han har sett: Han har sett løna for gode gjerningar og straffa for det vonde. Han har vore vitne til domedag og det heile er nøye skildra i det 52 vers lange kvadet. På denne konserten vert den tradisjonsrike mellomalderballaden framført i eit arrangement med kveding og 8-strengs hybridgitar, som er ein elektrisk gitar og bassgitar i eitt og same instrument. Dei dramatiske orda og tonane som har gripe menneske i over 700 år vert underbygde og forsterka av klangar, tonar og effektar frå gitaren.
Duoen Sandhåland/Schille framførte "Draumkvedet" første gong saman på trettandedagen i 2025 i samband med at Galleri Rustica arrangerte kunstutstilling med Håvard Giezendanner sine kunstverk inspirert av balladen og konsert med duoen. To framsyningar vart utselde og godt teke i mot. Same kvelden kom oppfordringar om å gjere ei innspeling, og no er den her – eitt år etter urframføringa deira. Kunstverket «Ferdi nordante og Ferdi sunnante» av Håvard Giezendanner prydar platecoveret. Platesleppet vert i samband med konserten i Alversund kyrkje. Der får ein også høyre smakebitar på andre lokale balladar og viser framført av duoen.
Inge Alver vil ha ei innleiing om Draumkvedet. Han fekk Kulturprisen 2025 for Alver kommune for sitt mangeårige engasjement og sin innsats for kulturen i lokalsamfunnet, m.a. i Musikkens Venner Nordhordland, Bygdebok for Alversund, Alversunddagane og Rotary. Han er ein mykje nytta konferansier og føredragshaldar, og han er ein kunnskapsrik historieforteljar, både av lokal- og verdshistorie.
OM ARTISTANE:
Linda Røyseth Sandhåland frå Alver er utdanna folkesongar frå Høgskolen i Telemark og Ole Bull Akademiet på Voss, samt song- og musikkpedagog og logoped. Ho har drive som frilans folkesongar sidan 1995, og er kvalifisert til deltaking i A-klassa på Landskappleiken. Linda framførte Draumkvedet i Fantoft stavkirke på trettandedagen i 2007. Saman med Kjersti Møllerup Wiik er ho redaktør for den digitale nettressursen «Barnesongboka» på www.strilakultur.no Dei to leia også eit toårig prosjekt med formidling av lokale barnesongar i alle skulane kring Bergen. Linda har motteke fleire stipend og prisar for sitt arbeid med formidling av folkesongar frå kysten av Hordaland.
Bjørn Schille frå Kvinnherad, no busett i Alver, er utdanna klassisk gitarist og musikkpedagog, og har master i musikkvitskap. Han har arbeidd som gitarpedagog frå 2009 og er frilans utøver på akustisk gitar og 7- og 8-strengs hybridgitar aleine og i ulike konstellasjonar. Bjørn deltok med transkripsjon, gitarspel og lydinnspeling i prosjektet «Barnesongboka» saman med Sandhåland og Wiik. Han var også ein av instruktørane som lærte vekk lokale barnesongar i skulane i regionen.
Advertisement
Where is it happening?
Kyrkjevegen 3, 5911 Alversund, Norge, Kyrkjevegen 3, 5911 Alversund, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.

















![Oliver Anthony \/\/ R\u00f8keriet USF Verftet [NY DATO KOMMER]](https://cdn-ip.allevents.in/s/rs:fill:500:250/g:sm/sh:100/aHR0cHM6Ly9jZG4tYXouYWxsZXZlbnRzLmluL2V2ZW50czEwL2Jhbm5lcnMvZTA4MDVmN2JjOTgwZmFjNGRhMDkwYWFhY2RiODU3ZjE2OGU2M2RkZTVkZmQyN2U4MGZjZjNhNzFmN2UxNzY4YS1yaW1nLXcxMjAwLWg5MjQtZGMwMjAyMDEtZ21pcj92PTE3NTg3MTEyNzk.avif)

