Draumkvedet
Schedule
Mon Jan 06 2025 at 07:00 pm to 09:00 pm
UTC+01:00Location
Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Lokale: Løegalleri, ca. 40 plassar, vinterkaldt, krev varme klede.Når: Trettandedag jul, måndag 6. jan. 2025 kl. 19.00.
Billettar: Kr. 200,- Sms til 9916 9281. Betal i døra, Vipps/kontant.
Draumkvedet er Noregs einaste visjonsdikt frå middelalderen. Det finst ingen liknande balladar på andre språk.
Det er ei stor glede at galleriet kan tilby ei framføring av dette eineståande diktet, og berre med lokale krefter, i ein versjon med både kveding, gitarfølgje og illustrasjonar i stort format.
Oppsettinga byd også på ei litterær innleiing, til orientering for både dei som ikkje er så kjende med diktet, men òg interessant for andre.
Medverkande er:
Linda Røyseth Sandhåland, kveding.
Bjørn Schille, hybridgitar.
Håvard Giezendanner, illustrasjonar.
Inge Alver, litterær innleiing.
Her er nokre opplysningar henta frå arrangementinfoen til Storetveit kirke, som har ei oppsetting av diktet søndag 5. des. 2025.
Draumkvedet handlar om Olav Åsteson, som sovna julaftan og sov til trettandedag jul. Me får høyre hans syner om ei ferd både til dødsriket og himmelen. Diktet har fleire parallellar i mange visjonsdikt frå 1200-tallet, men Draumkvedet har si eiga utforming.
Mange av folkevisene er berre bevart i fragment. Draumkvedet slik me har det no, med 52 vers, er sett saman av Moltke Moe, Nordens første professor i folkloristikk . I 1890-åra restaurerte han diktet med fragment frå ulike kjelder.
Arrangementet har motteke kuturmidler frå Alver kommune.
Advertisement
Where is it happening?
Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug, Norway, Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug, Norge,Frekhaug, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays: