Dei nye kapellanane med Finn Tokvam

Schedule

Thu, 10 Dec, 2026 at 06:30 pm

UTC+01:00
Location

Lille Ole Bull | Bergen, HO

Advertisement
Dei nye kapellanane er prøvde avvikla fleire gonger, men dei gir seg ikkje. No kjem dei heller til Bergen – og rause som dei er, har dei med seg Finn Tokvam.
Torsdag 10. desember inviterer gjengen til julesaloon på Lille Ole Bull. Med Ragnar Hovland i front får rock og pop eit rikare liv på nynorsk. På repertoaret står både kjende hits og nytt materiale – med gode melodiar, litterære sidesprang og andre innfall.
– Å få lokke desse karane over fjellet er det største som har skjedd musikalsk i byen sidan Cecilie Leganger fekk seg theremin. Ja, det blir sanneleg stort å dele scene med desse heltane, seier Tokvam.
Dei nye kapellanane er Ragnar Hovland (ukulele, trekkspel og vokal), Jørn Mortensen (gitar og vokal), Trygve Åslund (gitar og vokal), Lars Fredrik Beckstrøm (bass og vokal), Arnt Maasø (keyboard og vokal) og Håkon Paulsberg (trommer).
Finn Tokvam stiller med ukulele, vokal og ærefrykt for selskapet han har hamna i.
Kapellanane byrja som husband i Det Norske Samlaget i 1992. Sidan har dei mellom anna gitt oss «Anarki i Noreg» og «Living next door to Alice Cooper». Namnet lånte dei frå Hans E. Kincks novelle «Den nye kapellanen». Resten har dei teke seg større fridomar med.
35 år etter debuten vender dei endeleg tilbake til Bergen!
Advertisement

Where is it happening?

Lille Ole Bull, Øvre Ole Bulls plass 3, 5012 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Stas Artist
Host or PublisherStas Artist

Ask AI if this event suits you