Danseøving
Schedule
Wed Jan 15 2025 at 06:30 pm to 09:00 pm
UTC+01:00Location
BLS - Bygdelagssamskipnaden | Oslo, OS
Advertisement
Vel møtt til ny springarøving i Halli! Me startar med ein halvtimes oppvarming med lausdans i Halli frå 18:30- 19:00, før me deretter beveg uss vidare te springaren. Det er sjølvsagt lov å berre ha lyst til å danse springar, så kom når du måtte ynskje.
Åsmund Jøtun og Ulf-Arne Johannessen tek med seg instrumenta denne øvinga.
Hallingspringaren er den lokale springarforma frå Hallingdal, med 3/4 dels takt og har mykje til felles med andre folkedansar. Her er eit døme på hallingspringar:
Alle era velkomne til å koma å danse, sjølv om ein ikkje har dansa hallingspringar frå før, eller berre har lyst til å høyre på og sjå kva dette er for noko.
Me har og innlagt kakepause!
Prisar for ei danseøving:
50,-kr for medlemmar/førstegongsdeltakarar/studentar
80,-kr for øvrige
Me tek både kontantar og Vipps.
Me gler uss te å sjå både nye og kjende trynu.
Vel møtt!
Advertisement
Where is it happening?
BLS - Bygdelagssamskipnaden, Nordahl Bruns gate 22C, 0165 Oslo, Norge,Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays: