Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
Schedule
Wed Oct 16 2024 at 06:00 pm
UTC+02:00Location
Bergen Offentlige Bibliotek | Bergen, HO
Advertisement
Brynjulf Jung Tjønn i samtale om sin nyaste bok, Norsk kjærleik. Boka tar opp tråden frå den populære og kritikerroste boka Kvit norsk mann (2022), som har kome i seks opplag, og er tildelt Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris. Om Norsk kjærleik:
Var Brynjulf eit barn som blei selt på tvers av landegrenser? Kan han likevel vere glad for at han blei kjøpt til Norge? For alt han vil er å vere ein del av landet han har vakse opp i, erkjenne det vonde, men også sjå det vakre.
Samstundes med at Kvit, norsk mann kom ut, dukka det opp avsløringar om problematiske sider ved adopsjonsindustrien. Desse avsløringane rokkar ved sjølvbildet og identiteten for mange adopterte, også for Brynjulf Jung Tjønn.
Sjølv om ein er fødd i eit anna land og med mørk hudfarge, så vil ein likevel berre høyre til. Å vere ein del av det norske. Men kven har Brynjulf vore? Kven skal han vere eller bli? Kva vil det seie å vere norsk?
Møt forfattaren i samtale med Ine Sunde Lavik, litteraturformidlar ved Bergen offentlige bibliotek. Arrangementet er i kaféen på biblioteket, Amalies hage.
Foto: Maria Kleppe Vihovde
Advertisement
Where is it happening?
Bergen Offentlige Bibliotek, Strømgaten 6, 5015 Bergen, Norge,Bergen, Hordaland, NorwayEvent Location & Nearby Stays: