Boklansering - Olaf Husby: Skap eit språk

Schedule

Fri Nov 13 2026 at 07:00 pm to 08:30 pm

UTC+01:00
Location

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway | Trondheim, ST

Advertisement
Frå alvisk i Tolkien-universet til dothraki i Game of Thrones til fredsprosjektet esperanto: Når du skapar eit språk, lagar du ikkje berre eit system av lydar, teikn og symbol til å kommunisere med – du bygger ei heilt ny verd.
Velkommen til boklansering av Olaf Husbys Skap eit språk!
Har du drøymt om å lage eit eige språk? No får du sjansen! I denne leikne fagboka gir språkeksperten Olaf Husby deg ein komplett steg-for-steg-guide til korleis du kan planlegge, bygge og utvikle språket ditt. På vegen lærer du grunnleggande grammatikk og får ei ny og unik forståing av korleis språk og språksystem fungerer. Finn fram penn og papir og sjå eit heilt nytt språk utvikle seg på skriveblokka di!
Det vil vere mogleg å kjøpe boka under og etter arrangementet.
Olaf Husby (f. 1951) er nordlending, men han har budd i Trondheim i mange år. Han var lærar og språkforskar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, og arbeidde mykje med norsk for utlendingar. Olaf har skrive ei rekkje bøker om dette. På NRK Radio har Olaf Husby vore fast gjest ved Språksnakk.
Arrangør: Litteraturhuset i Trondheim - Skald
Sted: Sellanraa
Foto: Titt Melhuus / Skald
Advertisement

Where is it happening?

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway, Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norge, Trondheim, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Litteraturhuset i Trondheim
Host or PublisherLitteraturhuset i Trondheim

Ask AI if this event suits you