Blokka på Bjerke. Boksamtale og fest. Med Bjørn Hatterud og Kristin Fridtun

Schedule

Wed May 31 2023 at 06:00 pm

Location

Deichman Bjerke | Oslo, OS

Advertisement
Velkommen til boksamtale på Deichman Bjerke og fest på restauranten Dragens, vegg i vegg.
I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene.
På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet, til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt.
Blokka på Bjerke er ei gripande forteljing om Hatterud, livet i dei tolv etasjane, sorger og gleder, nære vennskap og endringane som har skjedd med både området, blokka og Hatterud sjølv.
Klokka 19.15 blir det mat og feiring på Dragens som ligg vegg i vegg med biblioteket.
Gratis
Boksal

Velkommen!
Advertisement

Where is it happening?

Deichman Bjerke, Refstadveien 70,Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Det Norske Samlaget

Host or Publisher Det Norske Samlaget

It's more fun with friends. Share with friends