Bistand: god gjerning eller god samvittighet?

Schedule

Thu Sep 26 2024 at 06:00 pm

UTC+02:00

Location

Det Akademiske Kvarter | Bergen, HO

Advertisement
Sted: Tivoli, Det Akademiske Kvarter
Ingen land i verda gjer ein større del av verdiskapinga til bistand og utviklingshjelp enn Noreg, og pengebruken har brei støtte på tinget og i folket. Det siste året har likevel debatten kring bistand blussa opp, og fleire kritiske spørsmål meldt seg.
I februar i år røska NORAD-direktør Bård Vegar Solhjell i einigheita. Han tok til orde for å dele finansieringa av bistandsbudsjettet i to, og dermed lage eit tydeleg skilje mellom fattigdomsreduksjon, bistandens tradisjonelle mål, og såkalla «globale fellesgoder» som klimakutt, miljøvern og pandemiberedskap.
Svaret frå utviklingsminister Anne Beate Tvinnerheim (SP) var tydeleg – dette er ikkje aktuelt. «Vi får ikke bedre bistand av å lage flere siloer», sa ho den gongen. Tonen var tydeleg: bistandsinvesteringar forfølger mange mål samtidig, og er alt for komplekse til å plasserast i enkle kategoriar.
«Alt henger sammen med alt», med andre ord. Men er ikkje dette berre ein litt slitt klisje for politikarar som ikkje vil prioritere?
Eirik Mofoss i tankesmia Langsikt melde seg fort på og etterlyste tydelegare prioritering mellom dei ulike måla i bistanden, og klarare grunngjeving for kvifor ulike tiltak vert prioriterte. Han spør kvifor ikkje akkurat NORAD må følge utgreiingsinstruksen, ei enkel retningslinje for grunngjeving av offentleg pengebruk, når heile resten av forvaltninga må det. Han meiner dessutan mange av bistandsprosjekta dei siste tiåra har vore prega av politiske preferansar, i staden for kalde fakta.
Etter dette har debatten rast, og ein haug med spørsmål har meldt seg. Har vi verkeleg ikkje god oversikt over effekten av bistanden? Er det verkeleg slik at poltiske preferansar går framføre harde tal? Vil ikkje politikarane innrømme kor vanskelege prioriteringane på feltet er? Kvifor kanaliserast så mykje av bistandsmidlane gjennom norske organisasjonar? Kva er det eigentleg som verkar best? Og mange, mange fleire.
Bli klokare på desse spørsmåla og fleire, når Studentersamfunnet i Bergen inviterar til debatt om dei harde prioriteringane og den vanskelege forvaltinga av dei viktigaste kronene på statsbudsjettet. Kom til Tivoli på Kvarteret, torsdag 26/9 kl. 18
I PANELET:
Bjørg Sandkjær, statssekretær i utanriksdepartementet (SP)
Eirik Mofoss, dagleg leiar i tankesmia Langsikt
Aksel Jakobsen, kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp

Arrangementa ved Studentersamfunnet i Bergen er opne for alle. Ved kjøp av billett får du medlemskap i Studentersamfunnet i Bergen, og dermed fri inngang på alle ordinære arrangement dette semesteret. Medlemskap kan kjøpast via Hoopla-lenka eller i døra når du kjem via Vipps
Aldersgrense: 20 (18 med studentbevis)
Advertisement

Where is it happening?

Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrres gate 49, 5015 Bergen, Norge,Bergen, Hordaland, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Studentersamfunnet i Bergen

Host or Publisher Studentersamfunnet i Bergen

It's more fun with friends. Share with friends

Discover More Events in Bergen

Eli Lea: Det tredje rommet - fotografi
Thu Sep 26 2024 at 03:00 pm Eli Lea: Det tredje rommet - fotografi

Visningsrommet USF

ART
Real Boost - Innovasjonsworkshop for studenter og bedrifter
Thu Sep 26 2024 at 03:30 pm Real Boost - Innovasjonsworkshop for studenter og bedrifter

VilVite

WORKSHOPS
Sosial middag m\/MOT82 - M\u00f8t et nytt fjes!
Thu Sep 26 2024 at 04:30 pm Sosial middag m/MOT82 - Møt et nytt fjes!

Åsane Senter 52, 5116 Bergen, Norway

Intimkonsert med Tryge Eiken
Thu Sep 26 2024 at 05:00 pm Intimkonsert med Tryge Eiken

Inndalsveien 47c

MUSIC
Kaf\u00e9 Jakob: Fokuskveld om Taiz\u00e9
Thu Sep 26 2024 at 05:00 pm Kafé Jakob: Fokuskveld om Taizé

Jonas Reins Gate 2, 5008 Bergen, Norway

Bli kjent med ost & vin - i Fetevaren!
Thu Sep 26 2024 at 05:30 pm Bli kjent med ost & vin - i Fetevaren!

Strandgaten 18, 5013 Bergen, Norway

Boogie Woogie Swing - Beginner course Fall 2024
Thu Sep 26 2024 at 06:15 pm Boogie Woogie Swing - Beginner course Fall 2024

Bergen Katedralskole

WORKSHOPS
Riksteatret: Bare Elling \/\/ Oseana
Thu Sep 26 2024 at 07:00 pm Riksteatret: Bare Elling // Oseana

Oseana kunst- og kultursenter

ENTERTAINMENT
LIVETS KARUSELL - diktopplesning
Thu Sep 26 2024 at 07:00 pm LIVETS KARUSELL - diktopplesning

Kong Christian Frederiks plass 4, 5006 Bergen, Norway

ENTERTAINMENT PERFORMANCES
Gratis foredrag: Turperler p\u00e5 Vestlandet
Thu Sep 26 2024 at 07:00 pm Gratis foredrag: Turperler på Vestlandet

Åsane kulturhus

Systemisk kaf\u00e8
Thu Sep 26 2024 at 07:00 pm Systemisk kafè

Café Opera

Jubileum - FRED - en messe, ved Gospelcompagniet og band
Thu Sep 26 2024 at 07:00 pm Jubileum - FRED - en messe, ved Gospelcompagniet og band

Kyrkjehaugen 2, 5357

MUSIC ENTERTAINMENT

What's Happening Next in Bergen?

Discover Bergen Events