BINGO MED MICROBANDET!

Schedule

Fri Sep 30 2022 at 07:00 pm

Location

VippaOslo | Oslo, OS

Advertisement
Aldri vore på bingo med Microbandet? Skandale! Men også forståeleg for deko Oslobuarar, då dei fleste konsertane skjer enten i Vestlandshovudstaden eller på ymse country- og/eller litteraturfestivalar. Difor er det med stor glede at denne masete og/eller underhaldande duoen får speletid på sjølvaste Vippa! Kjersti Døssland (Yamaha-synth, vokal) og Brit Aksnes (gitar, vokal) har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med bingo og konsertar krydra med radbrekking/forbetring av andre sine låtar. Vassendgutane og Britney Spears har like høg stjerne, og begge får lik behandling av Microbandet. Døsso har finjustert stemma si til bingovertinne-perfeksjon etter å ha tilbrakt mykje av studietida på byens etablerte bingobuler, og no kan DU få oppleva den same gleda. Kom gjerne tidleg og få i deg noko digg mat, før me brakar laus, og hugs: ikkje lov å ropa bingo før du har bingo – for då tømer me ut drikko di!
Nyttig info: det er gratis inngang, bongane kostar nesten ingenting, til saman blir det billig og kosteleg på ein gong.
Reserver ditt bord nå!
https://booking.gastroplanner.no/vippa/t
Advertisement

Where is it happening?

VippaOslo, Akershusstranda 25, Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

VippaOslo

Host or Publisher VippaOslo

It's more fun with friends. Share with friends