Bavallen Grand Prix 2023
Schedule
Sat, 11 Mar, 2023 at 06:00 am
Location
Voss Resort | Voss, HO

Advertisement
Bavallen Grand Prix 2023 er utsolgt!Ynkjer du å stå på venteliste, send e-post til: [email protected]
Årets happening for mange og det desidert mest populære arrangementet i Voss Resort! Lagkonkurranse i anlegget før opningstid.
Nytt av året:
I år spiller det i utgangspunktet ikkje noko rolle når du melder deg på, ift. kva startnummer du får. MEN! Du KAN sikre deg eit av dei 10 første startnummera. På Hangurstoppen under Fresky Preski 7 januar, trekkjer me nemleg dei 10 fyrste startnummera til Bavallen Grand Prix, blant dei som allereie har meldt seg på. Minst ein frå laget må vera til stades under Frisky Preski 7. januar for å vera med i trekninga. I tillegg må ein ha meldt på laget innan kl. 15:00 den 7. januar.
Påmeldinga til Bavallen Grand Prix opnar 25. desembe, her: https://booking.vossresort.no/n/bestill/se-gjore/2047720/bavallen-grand-prix/showdetails?page=2&sorting=st%3Da%3Bso%3Da
Om Bavallen Grand Prix:
Det desidert mest populære arrangementet i Voss Resort! Dei siste åra har påmeldinga verkeleg gått unna og me har hatt lange ventelister.
Det kjekke med Bavallen Grand Prix er alt alle kan vera med, så lenge ein er over 15 år. I Bavallen Grand Prix stiller alt frå vener, bedrifter og familier til start. For nokre er konkurransen blodig alvor, medan andre er med berre for å ha det kjekt!
Bavallen Grand Prix er ein lagkonkurranse, med tre deltakarar på kvart lag. Traséen er lagt gjenom heile anlegget og konkurransen gjennomføres om morgonen, før opningstid. Ved kritiske punkt er det fartsreduserande element for deltakarane. Det er satt ut «checkpoints» i løypa som må passerast. Målet er å ta seg raskast mogleg gjennom løypa og alle tre deltakarar må vera over målstrekken før tida vert stoppa. I tillegg har me og ei “idealtid”, så sjølv om du ikkje er det raskaste laget, så er det framleis mogleg å vinna.
Mange flotte premiar, i tillegg til to flotte vandrepokalar.
Klasser i år er:
- Herre/mix utan fartsdress
- Dame utan fartsdress
Påmelding og pris:
Startavgifta per lag (3 pers) er på kr 1500,- og inkluderar frukost etter rennet på Hangurstoppen Restaurant.
Påmelding her: https://booking.vossresort.no/n/bestill/se-gjore/2047720/bavallen-grand-prix/showdetails?page=2&sorting=st%3Da%3Bso%3Da
Program:
Rennstart kl 07:00 den 11. mars 2023. Meir info kjem mot rennstart.
Afterski i SkiBarBula og premieutdeling kl. 17:00
Advertisement
Where is it happening?
Voss Resort, Evangervegen 5,Vossevangen, Norway, VossEvent Location & Nearby Stays: