Balansekonferansen 2024-2025: kVinner i idretten?! SENIOR
Schedule
Thu Jan 30 2025 at 05:00 pm to 08:00 pm
UTC+01:00Location
Litteraturhuset i Bergen | Bergen, HO
Advertisement
Gjennom eit idrettsliv møter kvinner og jenter på utfordringar som "gutta" ofte slepp unna. Mensen, graviditet, hyppige korsbåndskader, overgangsalder, fødsel, REDs, lave forventningar og osteoporose for å nevne noko. Kanskje det difor ikkje er så rart at kvinner er mindre representert på idrettsbana, som trenara, dommara og i styrerommet? Men må det vere sånn? I nettverket Balanse ønskjer vi å fremje ein likestilt idrett på alle nivå.
Vi trur at gjennom å utveksle erfaringar, kompetanse og gode idear, så kan vi inspirere kvarandre og støtte kvarandre til å finne dei gode løysingane, slik at vi får enda flere vinnere i på alle nivå i idretten – uansett kjønn.
Nettverket Balanse inviterer difor deg som er trenar, leiar eller som berre er veldig interessert i idrett til ein kveld med fokus på den kvinnelege senioren. Saman med våre dyktige foredragshaldarar tek vi opp tema som graviditet, i kva grad idretten let seg kombinere med morsrolla og korleis vi kan få fleire kvinner inn i sentrale roller i idretten.
Vi håpar kvelden vil gje deg både inspirasjon og verktøy som kan brukast til å løfte fleire kVinner i idretten.
Dørene opnar kl 17.00, medan programmet startar kl 17.30. Program, meir informasjon og påmelding finn du her: https://www.idrettsklyngevest.no/arrangement/kvinner-i-idretten-senior
Bak arrangementet står nettverket @Balanse - eit nettverk for å få fleire kvinner i idretten. Nettverket består av Vestland Idrettskrets, NFF Hordaland, Norges Håndballforbund Region Vest og Idrettsklynge Vest.
Advertisement
Where is it happening?
Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5, 5017 Bergen, Norge,Bergen, Hordaland, NorwayEvent Location & Nearby Stays: