Are Kalvø - Berre bønder lengtar heim // Oseana

Schedule

Fri Nov 29 2024 at 08:00 pm

UTC+02:00

Location

Oseana kunst- og kultursenter | Bergen, HO

Advertisement
Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle desse åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.
Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk.
Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden. Tida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.
Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.
For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.
Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss.
No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?
Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar «Kalvø - ein time av livet du aldri får tilbake»(Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».
Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.
Advertisement

Where is it happening?

Oseana kunst- og kultursenter, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge,Osøyro, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Oseana kunst- og kultursenter

Host or Publisher Oseana kunst- og kultursenter

It's more fun with friends. Share with friends

Discover More Events in Bergen

Erlend Ropstad \/\/ USF Verftet
Thu Nov 28 2024 at 08:00 pm Erlend Ropstad // USF Verftet

USF Verftet

CONCERTS
Jazz i Kipo JULESPESIAL
Thu Nov 28 2024 at 08:00 pm Jazz i Kipo JULESPESIAL

KIPO kultursal

MUSIC ENTERTAINMENT
Papaya LIVE \/\/ Forum Scene \/\/ 28. & 29. NOVEMBER 2024
Thu Nov 28 2024 at 08:30 pm Papaya LIVE // Forum Scene // 28. & 29. NOVEMBER 2024

Forum Scene

BUSINESS
Vi fra Sidelinjen . en musikalsk poetisk aften
Thu Nov 28 2024 at 09:00 pm Vi fra Sidelinjen . en musikalsk poetisk aften

Madam Felle, Bryggen 43, 5003 Bergen, Norway

MUSIC ENTERTAINMENT
29.11.24 Bergen domkirke, BERGEN | Deilig er Jorden |
Fri Nov 29 2024 at 07:00 pm 29.11.24 Bergen domkirke, BERGEN | Deilig er Jorden |

Bergen Domkirke

MUSIC ENTERTAINMENT
Den Store Heavy Metal Festen XXIII
Fri Nov 29 2024 at 09:00 pm Den Store Heavy Metal Festen XXIII

Hulen

Susanna - Meditations on Love \/\/ Bergen Jazzforum
Fri Nov 29 2024 at 10:00 pm Susanna - Meditations on Love // Bergen Jazzforum

USF Verftet

HEALTH-WELLNESS MEDITATION
KLUBBKVELD MED STAND UP BERGEN
Fri Nov 29 2024 at 10:00 pm KLUBBKVELD MED STAND UP BERGEN

Lille Ole Bull

ELVIS BONANZA \u2013 TWANG GANG \u2013 SPECIAL GUEST \u2013 TOTTO
Fri Nov 29 2024 at 10:30 pm ELVIS BONANZA – TWANG GANG – SPECIAL GUEST – TOTTO

Bryggen 43, 5003 Bergen, Norway

MUSIC ENTERTAINMENT
J U L E M A R K E D \ud83c\udf85\ud83c\udffb
Sat Nov 30 2024 at 11:00 am J U L E M A R K E D 🎅🏻

Tellnes Næringspark 7, Bergen

November Pain 2024
Sat Nov 30 2024 at 11:00 am November Pain 2024

Norrønahallen

CONCERTS MUSIC

What's Happening Next in Bergen?

Discover Bergen Events