Are Kalvø - Berre bønder lengtar heim // Nøtterøy Kulturhus

Schedule

Fri Dec 13 2024 at 07:00 pm to 08:15 pm

UTC+01:00

Location

Tinghaugveien 14 - Borgheim 3140 Nøtterøy, Norway | Tønsberg, VF

Advertisement
Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle dese åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.
Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk.
Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden.
Tida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.
Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.
For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.
Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss.
No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?
Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar «Kalvø - ein time av livet du aldri får tilbake»(Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».
Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.
Advertisement

Where is it happening?

Tinghaugveien 14 - Borgheim 3140 Nøtterøy, Norway, Tinghaugveien 14, 3140 Borgheim, Norge,Nøtterøy, Tønsberg, Norway

Event Location & Nearby Stays:

N\u00f8tter\u00f8y Kulturhus

Host or Publisher Nøtterøy Kulturhus

It's more fun with friends. Share with friends

Discover More Events in Tønsberg

Julekonsert med Truls og Oda Jonetta
Thu Dec 12 2024 at 07:00 pm Julekonsert med Truls og Oda Jonetta

Ramnes kirke

CONCERTS MUSIC
Fairytale of New York \/\/ N\u00f8tter\u00f8y Kulturhus
Thu Dec 12 2024 at 07:30 pm Fairytale of New York // Nøtterøy Kulturhus

Nøtterøy Kulturhus

CHRISTMAS MUSIC
Skalldyrsaften I Fredag 13. Desember
Fri Dec 13 2024 at 05:00 pm Skalldyrsaften I Fredag 13. Desember

Ollebukta 3, 3126 Tønsberg

M\u00f8teplass Papirhuset: Julebord!
Fri Dec 13 2024 at 06:00 pm Møteplass Papirhuset: Julebord!

Papirhuset Teater

ART
Stille natt Hellige natt 2024
Fri Dec 13 2024 at 09:00 pm Stille natt Hellige natt 2024

Tønsberg domkirke menighet

Julerock med Za-Zaa l\u00f8rdag 14. desember 2024
Sat Dec 14 2024 at 05:00 pm Julerock med Za-Zaa lørdag 14. desember 2024

Kulturhuset Elverhøy

MUSIC ENTERTAINMENT
LATTER LIVE - p\u00e5 turne! \/\/ N\u00f8tter\u00f8y Kulturhus
Sat Dec 14 2024 at 07:00 pm LATTER LIVE - på turne! // Nøtterøy Kulturhus

Nøtterøy Kulturhus

WORKSHOPS COMEDY
Julefest med Blunck, Reidun og Nagell \/\/ Oseberg Kulturhus
Sat Dec 14 2024 at 08:00 pm Julefest med Blunck, Reidun og Nagell // Oseberg Kulturhus

Ollebukta 3, 3126 Tønsberg, Norway

X-pleasure \/\/ Apollon
Sat Dec 14 2024 at 10:30 pm X-pleasure // Apollon

Rådhusgaten 4, 3126 Tønsberg, Norway

CONCERTS
\ud83c\udf1fKal\u0117din\u0117 mug\u0117\ud83c\udf1f              \ud83c\udf1fJulemarked\ud83c\udf1f
Sun Dec 15 2024 at 01:00 pm 🌟Kalėdinė mugė🌟 🌟Julemarked🌟

Messehuset

What's Happening Next in Tønsberg?

Discover Tønsberg Events