Arbeidsvisning med Nynorsk scenespråksenter - Nære relasjonar
Schedule
Wed, 19 Nov, 2025 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Storehagen 10, 6800 Førde, Norway | Førde, SF
Advertisement
Nynorsk scenespråksenter inviterer på arbeidsvisning av stykket «Nære relasjonar» skriven av Maria Tryti Vennerød ✨📆19. november klokka 19
📍Scene 2 på Nynorskhuset
🎟️ Visninga er gratis, men vi ber alle om å hente ut billett
På scena ser du Nynorsk scenespråksenter sitt kull 2, beståande av skodespelarane Margrethe Grodås, Kjetil Solberg Stavenes, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen og Petter Westlund 🎭 Saman har dei gjennomført det 14 veker lange kurset i dialekt- og språkovergang ved Teater Vestland, og avsluttar nå med ei visning for dykk! Med seg på regi har dei regissør Øyvind Osmo Eriksen 🎬
«Nære relasjonar» vart i 2023 sett opp ved Det Norske Teatret med Marie Blokhus på regi. 19. november får du skodespelet basert på romanen til den lokale forfattaren i ny drakt på Nynorskhuset! 📚
Meir om boka av Tryti Vennerød skodespelet er basert på:
Are har lova seg sjølv å ta ein pause frå damer, men når ungdomsforelskinga Kine dukkar opp igjen, skjer det som må skje. Kine har hatt mange dårlege forhold, og Are ønsker å gjera henne trygg. Dei flyttar saman og alt ser ut til å gå bra. Da Kine slår første gongen og dei blir forsonte etterpå, får han kjensla av at han aldri har vore så nær nokon før.
«Nære relasjonar» viser kor vaklande maktbalansen i eit forhold kan vera, og korleis grenser kan bli forskyvde, umerkeleg og på kostnad av eigen integritet.
Advertisement
Where is it happening?
Storehagen 10, 6800 Førde, Norway, Storehagen 8, 6800 Førde, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.





