Arbeidsvisning: a body remembered - Ole Kristian Tangen
Schedule
Sat, 13 Dec, 2025 at 01:00 pm
UTC+01:00Location
Dalsvegen 97b, 6963 | Førde, SF
Advertisement
Velkommen til arbeidsvisning av A Body Remembered.Visninga startar kl. 13 og varer om lag 30 minutt, etterfulgt av ein uformell samtale. Sidan det er Lucia-dagen serverer vi lussekattar og noko varmt i koppen. Inngang gjennom hovedinngangen Møteplassen.
Saman med danser Even Eileraas og musiker Sverre Breivik (Metteson) utviklar Ole Kristian Tangen ei ny forestilling på Samvirket i Fjaler. Dei er på residens hos PreForm frå 8.–14. desember, før dei reiser til Bergen for å vise eit utdrag av prosessen på Prøverommet ved Bergen Internasjonale Teater.
I prosjektet utforskar Tangen stillstand, overgang og kroppen si evne til å finne att kontroll etter periodar av lamming og fysisk vakuum. Arbeidet undersøker korleis taktilitet, lyd og bevegelse kan opne for nye inngangar til sansing: kva som skjer i kroppen når alt stoppar opp, korleis relasjonen mellom to kropper endrar seg når bevegelsar støttar, utforskar eller utfordrar kvarandre, og korleis musikk og lyd kan spegle eller forstyrre opplevinga av balanse, tap og gjenoppbygging.
Prosjektet inngår i ein open fysisk og sonisk prosess som skal danne grunnlaget for vidare scenisk utvikling.
Ide og koreografi: Ole Kristian Tangen
Dans: Even Eileraas og Ole Kristian Tangen
Musikk: Sverre Breivik og Vetle Junker
Advertisement
Where is it happening?
Dalsvegen 97b, 6963, Dalsvegen 97B, 6963 Dale, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.











