"Kva vil me med skulen?" - pedagogisk kafé i Bergen
Schedule
Thu Sep 11 2025 at 06:00 pm to 08:00 pm
UTC+02:00Location
Litteraturhuset i Bergen | Bergen, HO
Panelsamtale leia av fylkesstyremedlem Bjørn Olav Tveit
Innleiar fylkesstyremedlem Marit Himle Pedersen
I panelet:
Per Songstad, områdeleder, Etat for skole, Bergen kommune
Lamin Andre Kvaale-Conateh, lærerutdanner, førsteamanuensis HVL
Hilde Haug Erstad, grunnskulelærar, tillitsvald for Utdanningsforbundet Møhlenpris skole
Ein skule med plass til alle, der born møtes uansett bakgrunn har lenge vore kjenneteiknet ved det norske skulesystemet. Skulen har gjennom åra vore den viktigaste fellesarenaen i samfunnet.
Korleis vil me ha det i framtida? Regjeringa har sett ned Fellesskuleutvalet og bede dei koma med råd om framtidas fellesskule. Ingen fra lærarprofesjonen er med i utvalet.
Utdanningsforbundet Vestland vil bidra til debatt og inviterer til pedagogisk kafe for medlemmer og andre.
Korleis får me ein skule med plass til alle i framtida?
Kva vil me bevara og kva treng endrast i skulen for å møta framtida?
Kva meiner lærarane om dette?
Kva meiner du?
Dette er eit ope møte der me håpar foreldre, besteforeldre, politikarar, næringslivet og andre med interesse for framtidas skule møter opp og deler sine tankar.
Det vil kome oppdatert informasjon om arrangementet etter ferien.
Set av kvelden, så sjåast me!
Framtida skapar me no!
Where is it happening?
Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5, 5017 Bergen, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays: