Alle fantastiske ting | Nynorskhuset Førde

Schedule

Sat Oct 12 2024 at 06:00 pm to 07:30 pm

Location

Storehagen 10, 6800 Førde, Norway | Førde, SF

Advertisement
Våren 2024 hadde Alle fantastiske ting premiere på Teater Vestland. Denne hausten får publikum høve til å få med seg denne perla av ei framsyning, som Firda gav terningkast 6 til, i oktober månad på Nynorskhuset i Førde! Velkommen!

1: Iskrem
2: Vasskrig
3: Få vere oppe etter leggetid og sjå på TV
4: Fargen gul
5: Ting med striper
Du er sju år og lagar ei liste over alle dei tinga som gjer livet verdt å leve. Mora di er nemleg på sjukehus fordi «ho har gjort noko dumt», som faren din seier. Og lista er forsøket på å gjere henne glad.
24: Spagetti bolognese
Lista blir lengre og lengre.
313: Ha piano på kjøkkenet
Gjennom oppturar og nedturar i livet føyer du til stadig nye ting.
4997: Gåver du faktisk vil ha, men ikkje har ønskt deg
No er du vaksen, og lista nærmar seg svimlande ein million oppføringar. Er det nok? Til at livet er verdt å leve?
«Alle fantastiske ting» leitar etter dei store og små detaljane i livet som fyller oss med meining. Eller kanskje er det detaljene som er sjølve livet? Med blikket festa på dei riktige tinga kan vi kanskje finne det som løftar oss opp.
Duncan Macmillan sin tekst har tatt store delar av teaterverda med storm og sjarmert publikum kor enn den har blitt vist. Det er berre å gle seg til å bli med skodespelar Harald Ottesen Nødtvedt inn i denne morosame og rørande framsyninga om noko så krevjande som depresjon og livets tyngste oppoverbakkar.
Advertisement

Where is it happening?

Storehagen 10, 6800 Førde, Norway, Storehagen 8, 6800 Førde, Norge,Førde, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Teater Vestland
Host or PublisherTeater Vestland

Ask AI if this event suits you