Adam Douglas - solo // Ål kulturhus
Schedule
Sat, 12 Sep, 2026 at 07:00 pm
UTC+02:00Location
Ål kulturhus | Hønefoss, BU
Advertisement
Adam Douglas legg ut på vegen åleine – med gitarane, låtane og stemma i sentrum. For fyrste gong inviterer han til ein rein soloturné, der uttrykket blir strippa heilt ned og publikum kjem tettare på enn nokon gong.Dette er konsertar bygd rundt nærleik og tilstadevære, der låtane får stå på eigne bein. Publikum får høyre materiale frå heile Adam sin katalog i ny innpakking, i tillegg til nokre utvalde coverfavorittar. Formatet opnar også for historiene bak musikken – om vegen frå Oklahoma til Noreg, og om menneska og opplevingane som har forma låtskrivaren.
Adam Douglas er kjent som ein sterk liveartist, med ei særeigen evne til å skape kontakt med publikum. Med røter i den amerikanske roots-tradisjonen, og eit uttrykk som rører seg mellom soul, gospel og americana, har han sidan debuten bygd ei solid karriere med kritikarrosa utgjevingar, Spellemannpris og eit breidt publikum.
Desse konsertane syner ei heilt annan side av Adam Douglas – nært, ærleg og ufiltrert, der alt står og fell på formidlinga.
Velkomen til konsert i Sprang!
Foto: Jens Storaker
Advertisement
Where is it happening?
Ål kulturhus, Myren 40,Ål, Hønefoss, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















